Årsmøte
Årsmøte i Studieforbundet er ein gong i året, og er organisasjonens høgste organ.
Vedtektene seier dette om årsmøtet:
§4. ÅRSMØTET
-
Studieforbundet kultur og tradisjons høgste organ er årsmøtet.
-
Medlemsorganisasjonane oppnemner delegatar med vara til årsmøtet. Stemmene blir vekta etter studietimar rapportert til Kompetanse Norge.
-
0 - 5.000 - 1 stemme
-
5.001 - 15.000 - 2 stemmer
-
15.001 - 30.000 - 4 stemmer
-
30.001 - 45.000 - 6 stemmer
-
45.001 - - 9 stemmer
-
Styret møter på årsmøtet med tale- og forslagsrett, men har ikkje stemmerett. Organisasjonar med samarbeidsavtale har møte- og talerett på årsmøtet.
-
Årsmøtet blir halde innan utgangen av mai månad. Organisasjonane skal ha varsel om tid og stad for årsmøtet innan 1.mars, og senast to månader før møtet. Sakspapir til årsmøtet skal vera utsend senast fire veker før møtedato.
Årsmøtet behandlar følgande saker:
-
Styrets årsmelding
-
Revidert regnskap
-
Søknadar om medlemskap
-
Strategi og verksemdsplan
-
Budsjett med fastsetting av kontingent
-
Innkomne forslag og eventuelt vedtektsendringar
-
Saker frå styret
-
Val
a. Styret etter fastsett turnus jf § 5.2
b. Statsautorisert/registrert revisor for 1 år
c. Valkomite jf § 6
-
Forslag til årsmøtet frå medlemsorganisasjonane skal vera styret i hende seinast 2 månedar før årsmøtet, eller til den frist styret set. Sjå elles § 10 om forslag til vedtektsendringar.
-
Ekstraordinært årsmøte blir kalla inn til av styret, eller når 1/3 av medlemsorganisasjonane krev det.
Medlemsorganisasjonane må få varsel om ekstraordinært årsmøte med frist på fire veker. Saksdokument må sendast seinast to veker før møtet.
Årsmøte
Årsmeldingar
Vedtekter for Studieforbundet
Årsmøtet i Studieforbundet kultur og tradisjon bestemmer organisasjonen sine vedtekter.
Ekstraordinært årsmøte 28. november 2022 vedtok disse vedtektene:
Vedtekter for Studieforbundet kultur og tradisjon (nynorsk)
Vedtekter for Studieforbundet kultur og tradisjon (bokmål)
Strategisk plan
Studieforbundet kultur og tradisjon arbeider etter treårige strategiplanar med tiltaksplanar for kvart år.
Strategi- og verksemdsplan blir vedteke av årsmøtet.
Strategisk plan med tiltak for 2022-2025, PDF
Prinsipp og praksis for godt styresett
Årsmøtet 23.mai 2017 vedtok prinsipp og praksis for godt styresett