top of page

Velkommen til kursportalen

​Her søkjer du kurstilskot og rapporterer kurs.

Meir informasjon om lover og reglar for kursstøtte
Kursglede. Foto: Sina Bråten Lunde

Innloggingen skjer via ID porten (den samme du bruker til mellom anna nettbank og Altinn), trygg innlogging som sikrar at ikkje personopplysningar kjem på avveie.

​

Alt skjer inne i Kursportalen

Du søkjer og får svar, anna kommunikasjon mellom søkjar og saksbehandlar, rapporterer og registrerer frammøte, og du får melding om rapporten er godkjent og om utbetaling. Du treng ikkje å sende noko papir eller epost.

​

Du bestemmer kven som skal få tilgang

Den fyrste som loggar seg inn frå kvart lag blir godkjent av oss. Vil du ha fleire brukarar, godkjenner den fyrste brukaren dei andre i den lille menyen som opnar seg når du trykker på namnet ditt øvst i høgre hjørne inne i Kursportalen.

Brukarrettleiing

Her finn du rettleiing til søknad av kurs i ny kursportal. Både korleis du opprettar ein brukar og loggar deg inn, og korleis du sendar inn søknad og rapporterer. 

​

Frammøteskjema

Frammøte skal førast rett inn i kursportalen. Det skal ikke lenger sendast skjema til Studieforbundet. Frammøteskjema kan framleis skrivast ut for å notere undervegs i kurset.


Veiledning om korleis bruke exceldokument for å laste inn informasjonen i Kursportalen

Blankt skjema for å importere frammøte i Kursportalen


På statistikksida er ekstra frammøteskjema for dei som ynskjer å fylle ut skjema for hand underveis i kurset. Leit opp kurset ditt og trykk på "i"

 

Statistikk 

På statsistikksiden kan du og ta ut frammøteskjema for kurset ditt. For å få til det, gå inn på statistikk øvst til høgre på nettsida vår her, finn laget ditt og det kurset du skal ha skjema til. Trykk på informasjonssymbolet (Ein "i" inne i ein sirkel). Da får du opp bildet under. Nedst i vindauget ser du: Last ned rapportskjema.

Frå dette skjemaet må studieleiar skrive inn informasjonen i Kursportalen

​

Personvern

Den nye Kursportalen ber om samtykke i personvernreglar. De får eige "rom" i Kursportalen og det er berre de i laget og vi på kontoret til Studieforbundet som ser deltakarlistene.
Personvern i Studieforbundet kultur og tradisjon

Hvit penn med papirer
bottom of page