top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Styrearbeid

Det varierer sjølvsagt kor mykje arbeid eit styre i eit lokallag kan eller vil gjere. Lag med få medlemmar kan ikkje forventast å ha samme aktivitet som eit stort lag. Med få personar i laget, blir det nødvendigvis færre til å dele på verv og oppgåver og dermed lettare å "slite ut" eldsjeler. Styreoppgåvene vi har lista opp nedanfor må dermed sjåast på som rettleiande. Det er ikkje slik at eit lokallag må oppfylle alle desse arbeidsoppgåvene for å vere eit godt lag.

Styret i eit lokallag i ein frivillig organisasjon skal jobbe for:
  • Å motivere til aktivitet

  • Å skape glede rundt aktiviteten

  • Å løyse oppgåver enkelt og ubyråkratisk

  • Å skape eit godt team som har lyst til å bidra

  • Å opptre opent og inkluderande

Demokrati i laget
 
  • Å følge vedtekter og retningsliner

  • Å følge hovedorganisasjonens prioriteringer

  • Å ha medlemmane med seg i det som skal gjerast

  • Å sørge for forankring i årsmøtet

Kven gjer kva i styret?

Leiar
  • Overordna ansvar

  • Naturleg representant for laget

  • Førebur og leier styremøter

  • Sørge for at vedtak blir fylgd opp

  • Fordele arbeidsoppgåver

  • Sikre informasjonsflyt

Nestleiar
  • Er leiarens vara, overtek når det er naturleg

  • Må halde seg godt orientert om sakene

  • Har ofte ansvar for spesielle prosjekt

  • Kan ha medansvar for kursa, dersom laget ikkje har eige kurskomite

Sekretær
  • Skriv referat frå møter

  • Sørger for arkiv og brevskriving

  • Har ofte ansvar for postmottak

  • Søker om tilskot

  • Skriv pressemeldingar

  • Oppdaterer nettside om ikkje laget har eigen nettansvarleg

Studieleiar

Kasserar
  • Betaler rekningar

  • Fører rekneskap

  • Følger opp medlemsregisteret

  • Følger opp frivillighetsregisteret

  • "Grasrotandel"

  • Søker om støtte

  • Rapporterer økonomi

  • Held kontakt med revisor

Materialforvaltar
  • Ansvar for lagets eigedelar

  • Oversikt

  • Vedlikehald

  • Innkjøp

bottom of page