top of page

Organisert opplæringsaktivitet eller ordinær lagsaktivitet?

Av og til er det vanskeleg å definere kva som er kurs og kva som er aktivitet og/eller dugnadsarbeid. Vi lærer av det meste vi driv med her i livet, og ikkje minst av arbeidet i ein frivillig organisasjon. Likevel er ikkje alt kurs med rett til tilskot i følge Voksenopplæringsloven.

kurs.jpg

Her er ei sjekkliste for lettare kunne vite kva som er kurs du kan søkje støtte til:

  • Har aktiviteten eit læringsmål?

  • Foregår målretta, organisert læring?

  • Er deltakarane samla fysisk eller digitalt og arbeider saman for å lære?

  • Får deltakarane kursbevis?

 

For å kunne få støtte som organisert opplæring/kurs må:

  • Laget kjenner til at dette er organisert opplæring,

  • kurslærar skal vite at han/ho er sett opp som kurslærar og at det blir søkt kurstilskot

  • kursdeltakarane må vite at dei er med på organisert opplæring og dei må vite kven som er arrangør

Kven er lærar?

I Studieforbundet skil vi mellom kurs med og utan lærar. Kurs med lærar får høgare timetilskot. Kurslærar er den som står for opplæringa og har det pedagogiske ansvaret for at deltakarane arbeider i tråd med læringsmåla i studieplanen. Det er ikkje krav om at kurslærar skal ha betalt. Det bestemmer kurslærar og arrangør.

bottom of page