top of page
Kurslærar / instruktør
Ein kurslærar/instruktør er ein person som har pedagogisk ansvar for kurset. Kursarrangørane bør ha ei skriftleg avtale med kurslæraren. Studieforbundet kultur og tradisjon har utarbeidd eit avtaleskjema som kan brukast. Desse finn du under menypunktet skjema.
Kurslærarkurs på nett
Studieforbundet har utvikla to nettbaserte kurslærarkurs, eitt for ferske lærarar og eitt for dei som har undervist litt. Kursa varer i halvanna time og tek for seg førebuing og gjennomføring av kurs, rammer og lovverk. Desse blir som hovudregel køyrde ein gong i halvåret etter utlysing, men kan og settast opp etter etterspurnad. Ta berre kontakt med Studieforbundet dersom det er ønskje om eit slikt kurs utanom dei vi annonserer sjølve.
Tips til gjennomføring av nettkurs
Løn/skatt/arbeidsgjevaravgift
Kursarrangør og kurslærar avtaler kva for godtgjersle kurslærar skal ha for opplæringa.Kurslærar som er sjølvstendig næringsdrivande og har firma registrert i Brønnøysundregistera, kan få løn i form av næringsinntekt. Kurslærar har da sjølv ansvar for å betale skatt og må levere faktura med organisasjonsnummer. Undervisning er unnateke frå meirverdiavgift. I § 3-5 i meirverdiavgiftsloven finn du det som omhandlar undervisning. Meir informasjon om dette finn du og i Merverdiavgiftshåndboken.Når kurslærar får løn frå laget, må det betalast skatt etter reglane du finn på sida om løn og skatt.
Godkjenning
Lokallaga er sjølve ansvarlege for å velja og godkjenne kurslærar/pedagogisk ansvarleg for kurset. Pedagogisk ansvar betyr å leie opplæringa i samsvar med målsetting og studieplan, skape eit positivt og inspirerande læringsmiljø, og møte fagleg godt budd til samlingane. Nokre organisasjonar har eigne reglar for godkjenning av lærarar.
Forsikring
Alle lærarar på kurs som får tilskot gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er forsikra i ei felles forsikringsavtale. Vi har ikkje forsikring for kursdeltakarar. Dette er opp til deltakarane sjølve. Treng du meir informasjon om forsikring ta kontakt med oss i Studieforbundet.
Reiseregning
Reiseregningsskjema kan lastast ned her.
Reiseregningsskjema (xsl)
bottom of page