top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Bunadopplæringa

​Bunadopplæringa er ei kursrekkje på seks modular som gjev ei brei innføring i praktisk bunadssaum og tilbehør, aukar den historiske kunnskapen om folkedraktene som bakgrunn for dagens bunadar og gjev kjennskap til materialar og teknikkar brukt til bunadproduksjon .

 

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget vg3. Du syr ikkje ein komplett bunad. Opplæringa legg opp til ein del mengdetrening på eigehand som du må du sørgje for sjølv. Har du som mål å ta sveinebrev, kan du få individuell rettleiing mellom samlingane.

Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet.

​

Har du spørsmål eller vil vise uforpliktande interesse?

Her finn du aktuelle kurs, ledige plassar og påmelding.

Meir informasjon

Modulane

Kursrekkene går anten over tre år med to samlingar i året, eller som ei intensiv kursrekke som går over halvanna år. Den følgjer same opplegg, men har fire samlingar per år.

​Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er seks veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.​​​

​​

​

Påmelding og oversikt over pågånde og planlagte modular

Praktisk om kurs

​Modulane vekslar ulike kurslærarar og mellom Raulandsakademiet i Rauland og Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes.​​

 

Heile løpet går over tre år med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.

Ønskjer du å gjennomføre kursrekkja på stuttare tid, kan du melde deg på eit intensivt løp.

​

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i bunadtilverkarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

​

​

​Praktisk informasjon om kursavvikling

​​​​​​​​​​​​​​​​

Vegen til sveinebrev

Modulane i Bunadopplæringa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget Vg3, og kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev.

​

Bunadtilverkarfaget skal dekkje behovet samfunnet har for produksjon av bunader bygd på historiske folkedrakter, og behovet for bunader med ulikt historisk opphav.

​

Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av bunader med tilbehøyr. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter og kunnskap om ulike materiale til bruk i bunadproduksjon. Opplæringa skal også medverke til kunnskap om tilverking og bruk av bunader og folkedrakter gjennom ulike tider, i ulike kulturar og tradisjonar. Vidare skal opplæringa stimulere til å sjå samanheng mellom produksjon og marknad.(www.utdanning.no)

​Om vegen til sveinebrev

Nyttige lenker

​​

​

Modulplan Bunadopplæringa
​
Bunadopplæringa - støttelitteratur
​
Brosjyre Bunadopplæringa
​
Læreplan bunadtilverkarfaget vg3/opplæring i bedrift
​

60 filmar som dekker alle kompetansemål i læreplanen:

Bunadtilvirkerfaget — delekunnskap.no

​​

​Rapporten Bunad nå! Status 2025 av historikar Mette Vårdal​​​​​​​​​​​​

​​​

​

Påmelding
Eit bunadskjørt med vevde band.
bottom of page