Om Studieforbundet
kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir.
Studieforbundet fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

 
Brosjyre

 

09.00 - 15.00

09.00 - 13.00

09.00 - 14.00

Kontoret sine opningstider

 

Måndag, tysdag og torsdag

Onsdag

Fredag

Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.
Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styre som er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.
Håndverk+ 2019 135 Bunad.jpg

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Les meir om å søkje om å bli medlemsorganisasjon eller å få samarbeidsavtale her: 

 

Møt dei tilsette

Studieforbundet kultur og tradisjon har sidan 2001 vore geografisk lokalisert i Vågå i Innlandet. For tida er det seks tilsette på i underkant av fem årsverk. Kontoret held til i det gamle ysteriet i Vågå (Vågåvegen 35, 2680 Vågå) som nå er lokal for fleire bedrifter tilslutta Vågå Næringshage.

Samarbeidsorganisasjonar

VOFO- Voksen-opplæringsforbundet

Voksenopplæringsforbundet (VOFO) er studieforbundenes interesseorganisasjon. Hovedmålet deira er å styrke rammevilkåra for studieforbunda i arbeidet med å gi vaksne arena og tilgang til læring.


Les meir om VOFO på heimesida deira.


Dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø, har tidlegare vore mangeårig styremedlem i Voksenopplæringsforbundet. Nå sit Marit Jacobsen, generalsekretær for Norges Husflidslag, som representant for Studieforbundet i styret i VOFO.

FNV- Förbundet Nordisk Vuxenupplysning

FNV, Förbundet Nordisk Vuxenupplysning, er eit samarbeid mellom studieforbund frå fire av dei nordiske landa. FNV vart danna for å styrke den nordiske identiteten gjennom å fremme nordiske innslag i nasjonale, nordiske og internasjonale samarbeid. FNV vart danna i 1970 og består av sju studieforbund frå fire av dei nordiske landa.


FNV arbeider med utvikling og beslutningspåverknad mot politikarar og andre beslutningstakarar for eit levande nordisk samfunn og breddeopplæring som velferdsgode. Ei anna viktig oppgåve for FNV er samarbeid med andre nordiske vaksenopplæringsnettverk, organisasjonar og ulike etatar.


Les meir om FNV på heimesida deira.