top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Skjema/malar for studieleiar

Smittevern

VOFO har utarbeidd smittevernregler og ein mal som lokallag kan bruke for å tilpasse smittevernreglane til sine eigne kurslokale.

Forøvrig skal dei vanlege smittevernreglane som gjeld elles i samfunnet naturlegvis følgast.

Det er ekstra viktig å føre alle deltakarane på frammøteliste slik at  eventuell smitte kan sporast.

Studieplanar

Studieplanane våre er bygde opp etter ei matrise, der kvart emne har fleire studieplanar, med ulikt timetal etter omfang og nivå. Timetalet er tilpassa læringsmål og innhald. Det er kontinuerleg vurdert kor detaljerte studieplanane skal vera, og kor mange det er behov for. Vi lagar kontinuerleg nye studieplanar, både fordi det er nye organisasjonar med nye kursemne, men og fordi det er fornuftig i ein del samanhengar å ha meir spesialiserte studieplanar. Alle studieplanar er knytt til eit eller fleire av dei overordna måla i Voksenopplæringsloven, og dei er knytt til FN sine berekraftsmål.

Søk i studieplanar her

Fyll inn skjema for ny studieplan her

Lage budsjett for kurs

For å gjere det enklare å finne ut kva prisen for kursadeltakarane kan vere, har vi i Studieforbundet laga eit skjema som gjer det lettare å lage budsjett for kurset.


Budsjett for kurs (Excel)

Frammøteskjema

I den nye kursportalen legg kursarrangør sjølv inn frammøte. Frammøtelister skal ikkje lenger sendast til Studieforbundet. Trengs det liste på papir for at kurslærar kan kladde frammøte, finn de denne og kan hente ut for utskrift på det aktuelle kurset i statistikken. Denne excellista kan dessverre ikkje direkte overførast til kursportalen.

Evalueringsskjema

Når kurset er ferdig, kan det vere interessant å evaluere og få attendemelding frå deltakarane. Studieforbundet har laga eit enkelt skjema for å hjelpe med dette arbeidet.

Evalueringsskjema (nynorsk) (word)
Evalueringsskjema (nynorsk) (pdf)
Evalueringsskjema (bokmål) (word)
Evalueringsskjema (bokmål) (pdf)

Avtale med kurslærar

For å unngå misforståingar mellom kursarrangør og kurslærar, lønner det seg å ha ei skriftleg avtale om løn, tid og stad, når kurs eventuelt må avlysast, osv.

Avtale med kurslærar (nynorsk)(word)
Avtale med kurslærar (nynorsk) (pdf)
Avtale med kurslærer (bokmål) (word)
Avtale med kurslærer (bokmål) (pdf)

 

Dersom kurslærar ønskjer attest, kan eit utkast til kurslærarattest lastast ned her

 Attest til kurslæraren (bokmål).

Kursbevis

Alle deltakarar på kurs som mottek støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon skal motta kursbevis ved kursslutt. Kursbevis kan lagast på ulike måtar. Dei kan hentast ut i Kursportalen, ferdig utfylte, og enkelte organisasjonar har eigne kursbevis på sine nettsider som kan brukast. Under finn du og malar du kan gjera til dine:

Kursbevis mal(nynorsk) (word)
Kursbevis (nynorsk) (pdf)
Kursbevis mal(bokmål) (word)

Kursbevis (bokmål) (pdf)

bottom of page