Korleis søke kursstøtte

Her finn du Kursportalen og informasjon

Kven kan søke?

Alle lokallag som er medlemmar av ein av våre medlemsorganisasjonar.
Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer pengar til vaksenopplæring gjeve over statsbudsjettet. Usikker på om du driv med kurs eller annan aktivitet?

Krav

For å få kurstilskot må kurset oppfylle krava i Voksenopplæringsloven og forskriftene:

• Minimum 4 timar kurs.
• Minst 4 deltakarar med 75% frammøte. Før alle deltakarar på frammøtelista.
• Følg godkjent studieplan.
• Lys kurset ut offentleg.
• Deltakarane må vera over 14 år eller fylle 14 år i kursåret.
• Eit kurs kan ha inntil 50 % digitale timar. (Fram til 01.06.22 kan heile kurset gjennomførast digitalt)
Ein kurstime er 60 min. 15 minutt av desse kan reknast som pause per time i løpet av total kurstid.

Søk støtte før kurset startar.
I informasjon som til dømes annonsar, program og materiell til kursdeltakarar skal det stå at kurset mottar støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon..

Satsar

Kurs med lærar: 125 kroner per time i tilskot
Timar utan lærar: 50,- per time opp til 10. Deretter 500 kr per kurs.
Vaksenopplæringsmidlane blir gjevne for å dekke utgifter til kurset/opplæringa. Er utgiftene lågare enn maks tilskot, blir tilskotet justert.

Unntak frå krav om fire deltakarar i særlege tilfelle:

  1. Om det blir tre deltakarar, kan lærar «gjerast om» til deltakar. Tilskot blir gjeve etter reglane for kurs utan lærar.
  2. Koronaårsakar: I 2021 ser vi at det ofte blir færre kursdeltakarar enn opprinneleg påmeldt. Desse kursa godkjenner vi med mindre enn 4 deltakarar. Sett likevel opp alle opprinneleg påmeldte i deltakarlista (utan frammøte).
  3. Andre årsakar til færre enn fire deltakarar; grunngjev det i kursrapporten, så vil det bli vurdert.

Følgande reglar gjeld for teaterkurs:
- Maks 3 primærkurs på maks 200 timar kvar
- Maks 4 støttekurs på maks 30 timar kvar
(Gjeld per produksjon.)

Rapport

Fristen for å rapportere kurs er 3 månader etter sluttdatoen som er oppgjeve på søknaden. Kurs som ikkje er rapportert innan tre månader vil automatisk bli sletta. For kurs med slutt frå 15.oktober og ut året, er fristen 15. januar året etter. Eksempel: Kurs som er avslutta 15.juni må vera rapportert 15. september, men eit kurs som er avslutta 20. desember må rapporterast seinast 15. januar.

Rettleiing til rapportering finn du her

Vil du skrive ut rettleiing, finn du den i PDF-format her: Rapportrettleiing
Det vil vera lurt å sjå filmen over før du skriv ut dokumentet og set i gang.

Dei offentlege kursmidlane er under press. Hugs difor å gjere ordninga synleg ved å nemne at kurset får støtte gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon ved annonsering. Legg gjerne ved logoen vår i informasjon om kurset. Logo for Studieforbundet kultur og tradisjon finner du her.

Her finn du Lov om voksenopplæring og forskriftene til lova.