top of page
Telemark.jpg

Opplæringstilbod

Studieforbundet gjev støtte til eit breitt utval kurs over heile landet. I tillegg arrangerer vi eigne kurs og prosjekt, ofte i samarbeid med ein eller fleire av medlemsorganisasjonane. Her finn du informasjon om kursa våre og kurs vi samarbeider tett med.

​

For ei fullstendig oversikt over alle kurs som mottek støtte frå Studieforbundet, sjå kursstatistikken

Foto: Sina Bråten Lunde

Hjerleid er eit skule- og handverksenter der fleire bedrifter og organisasjonar samarbeider om å vidareføre arven frå Hjerleid handverksskole frå 1886.

​

​

​

​

​

Foto: Anne Silje Berg

Dette er ei kursrekkkje for deg som alt har nokon grunnleggande kunnskap i søm , men ynskjer å lære fleire ulike teknikkar.

Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift, og kan inngå i  grunnlag for å avlegge sveineprøve.

Foto: Sina Bråten Lunde

Dette er ei kursrekkkje for deg som alt har nokon grunnleggande kunnskap i veving, men ynskjer å lære fleire ulike teknikkar.

Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG 3 opplæring i bedrift, og kan inngå i  grunnlag for å avlegge sveineprøve.

Foto: Torunn Elise Kveen

Dette er ei kursrekkje for deg som har litt erfaring med trearbeid, og som ynskjer å lære meir om teknikkar for trebåtbygging.

Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for trebåtbyggarffaget VG 3 opplæring i bedrift, og kan inngå i  grunnlag for å avlegge sveineprøve.

Foto: Jonas Rydèn, Frilynt Notrge

Kursrekkja består av 4 modular som gjev ei brei innføring og analytisk kunnskap om regi og teaterproduksjon. Kursrekkja skal vera ei kompetanseheving med høgt fagleg nivå og ei analytisk tilnærming for instruktørar innan amatørteaterfeltet.

​

Bannerbilde: Torunn Elise Kveen

DRAMAS

Manustenesta har ei lang historie, frå den tida manus vart lånt ut i papirform frå fleire filialar landet rundt. Under Norsk Teaterråd vart arbeidet med å samle og digitalisere manustenesta påbegynt.

Frå 2015 til 2019 vart Dramas drifta av Teateralliansen. I oktober 2019 vedtok eit ekstraordinært årsmøte å endre namn frå Teateralliansen til Dramas og endre vedtekter slik at verksemda kun omfattar manustenesta Dramas. Styret er sidan 2020 samansett med tanke på å auke den teaterfaglege kompetansen i Dramas.

Medlemsorganisasjonane i Dramas er Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk amatørteaterforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Til nettsidene

Utviklingsarbeid

Studieforbundet har frå tid til annan ei varierande mengde prosjektmidlar vi har søkt og fått tilsagn på, til dømes gjennom IMDI (Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet), Kompetanse Norge, fylkeskommunale midlar osv. Desse midlane gjer at vi kan gje særskilte tilskot og heilt eller delvis fullfinansiere kurs etter ei individuell vurdering.

 

Studieforbundet kultur og tradisjon ser det som si oppgåve å vere med på å utvikle opplæringstilbud innan dei fag og emne medlemsorganisasjonane til studieforbundet arbeider med. Opplæringa som foregår i dei frivillige organisasjonene er heilt avgjerande for å sikre vidareformidling av folkekultur. Mange av faga medlemsorganisasjonane i Studieforbundet kultur arbeider med, er blant dei små og verneverdige faga det trengs ein ekstra innsats for å halde i live. Forutan Bunadopplæringa, Vevopplæringa, Trebåtbyggjar og Scenerom (teaterregi), tida deltek Studieforbundet i ymse prosjektorganisert utviklingsarbeid.

​

bottom of page