Hjerleid og TREseminaret
For dei som er handverksinteresserte
Kursene på Hjerleid og TREseminaret er for dei som ynskjer å lære meir om tradisjonar, teknikk og kunnskap innan tradisjonshandverk.

Hjerleid
Gjennom hele året arrangerer Senter for Bygdekultur helge- og ukeskurs på Hjerleid.
Dette er praktiske og spennende kurs der du lærer om mange ulike håndverk og teknikker.
Studieforbundet samarbeider med handverksmiljøet på Hjerleid på Dovre, og er medeigar i Håndverksskolen. Hjerleid skole og håndverkssenter er ei samlokalisering for kulturbaserte næringar. Senteret omfattar Håndverksskolen; Senter for bygdekultur as; Dovre Handverksenter as og fleire små sjølvstendige bedrifter.
Her finner du nettsida til Hjerleid
Sjå kursoversikta til Hjerleid her
TREseminaret
TREseminaret blir arrangert kvart år i veke 17. Seminaret samlar100-150 handverksinteresserte, frå Noreg, men og frå Skandinavia. Seminaret startar måndag og blir avslutta søndag. Seminaret inneheld ei rekkje handverks- og husflidskurs. I tillegg vil det vere foredrag på kveldstid.
TREseminaret på Dovre har fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Seminaret tilbyr kurs i ulike handverksteknikkar med nokre av landets beste lærarar på sitt felt. Arbeidsmetoden er opplæring gjennom praktiske kurs i kombinasjon med faglege foredrag. TREseminaret gjev deltakaren eit solid fagleg utbytte, og gjev høve til å møte andre i same bransje.
Programmet går over ei heil veke frå måndag til torsdag, og fredag til søndag. Programmet er dermed tilpassa både dei som har høve til å delta på vekedagar, og dei som har høve på helg.