Bunadopplæringa opnar nye dører
- for 12 timer siden
- 1 min lesing
– Eg enda opp med å studere statsvitskap fordi eg måtte jo skaffe meg ein trygg jobb. Men nå vågar eg å ta spranget og satse på den lidenskapen eg har – for eg elskar å sy.
– Det opna ei dør for meg.
Sandra Nilsen (32) går på Bunadopplæringa. For henne har kurset allereie fått konkrete, positive konsekvensar:
– Eg har alltid likt å sy og vore veldig interessert i handarbeid. Eg har sydd sidan eg var 14 år, men det har vore vanskeleg å finne ut kva eg kan bruke det til.

Bunadopplæring med røtter og retning
På Raulandsakademiet møtest tradisjon, presisjon og lidenskap når nye bunadtilverkarar tek sine fyrste steg inn i faget.
Bunadopplæringen består av seks modular og gir ei brei innføring i praktisk bunadssaum og tilbehør. Deltakarane får auka kunnskap om folkedraktene si historie som bakgrunn for dagens bunadar, og lærer om materialar og teknikkar brukt i bunadproduksjon. Opplæringa er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet Kultur og tradisjon, administrert frå Studieforbundet.
I februar besøkte Vofo deltakarane på Modul 1 i den omfattande Bunadsopplæringa – ei kursrekke som gir både praktisk ferdigheit og historisk forankring.






Kommentarer