Frivilligheita står sterkt, men mange ventar framleis på å bli spurde
Frivilligheita samlar framleis store delar av befolkninga og står sterkt i Noreg. Frå årets Frivilligheitsbarometer går det fram at nær to av tre har gjort frivillig arbeid det siste året. Samtidig viser undersøkinga at potensialet for enda større deltaking er stort. Mange som ikkje er frivillige i dag, kunne nemleg tenkje seg å bidra. Utfordringa er ikkje manglande vilje, men å nå fram til dei som ønskjer å vere med.
Eit stort potensial for vekst i frivilligheita
Frivilligheita er ein av dei viktigaste berebjelkane i lokalsamfunn over heile landet. Gjennom lag, foreiningar og opplæringsaktivitetar blir det skapt møteplassar der folk lærer, deler kunnskap og tek vare på kulturarven. Nye tal frå Frivillighet Norge viser at engasjementet framleis står sterkt: 63 prosent av befolkninga har delteke i frivillig arbeid det siste året. Samstundes finst det eit stort potensial for å nå fleire.
Heile 41 prosent av dei som ikkje alt er frivillige, svarar at dei kunne tenkje seg å bidra. Likevel er det berre 9 prosent som seier at dei har blitt spurde eller forsøkt rekrutterte.
Fellesskap byrjar med ei invitasjon

For organisasjonar innan kultur- og tradisjonsfeltet er dette eit viktig funn. Mange menneske ønskjer å vera ein del av eit fellesskap, lære nye ferdigheiter eller bidra med eigne kunnskapar, men ikkje alle finn vegen inn på eiga hand.
Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge, peikar på at utfordringa ikkje først og fremst handlar om motivasjon:
«Frivilligheten mangler ikke folk som vil bidra. Utfordringen er at vi rekrutterer gjennom de samme nettverkene. Skal vi lykkes med å få flere med, må vi bygge bro til dem som ønsker å bidra, men som ikke blir spurt.» [frivillighetnorge.no]
Dette kjenner mange kultur- og tradisjonsorganisasjonar seg att i. Rekruttering skjer ofte gjennom eksisterande nettverk, familie og vener. Samtidig kan nettopp dette gjere det vanskelegare for nye grupper å finne fram til aktivitetane våre.
Kulturaktivitetar skaper tilhøyrsle
For Studieforbundet kultur og tradisjon og medlemsorganisasjonane våre handlar opplæring om meir enn å lære eit handverk, ein dans, ein musikalsk tradisjon eller ei forteljing. Det handlar og om å skape fellesskap, meistring og tilhøyrsle.
Under lanseringa av Frivillighetsbarometeret 2026 løfta fleire fram kor viktig det er å bli invitert inn og få ei hand å halde i den fyrste tida.

August Østby frå Elevorganisasjonen formulerte det slik:
«En åpen dør er ikke nok. Folk må bli kontaktet, eller få mulighet til å bli med på aktiviteter sammen med noen.» [frivillighetnorge.no]
For mange av våre medlemsorganisasjonar er nettopp dette ein suksessfaktor: å ta godt imot nye deltakarar, gje dei ei oppgåve som betyr nokoog som dei kan meistre, og sørgje for at dei kjenner seg velkomne.
Vi må nå utover dei vanlege nettverka
Frivilligheitsbarometeret viser at personleg kontakt framleis er den viktigaste vegen inn i frivilligheita. Samtidig viser undersøkinga at dei som blir spurde, oftare ønskjer å bidra enn dei som aldri får ein førespurnad.
Det er ei viktig påminning til heile frivillig sektor: Dersom vi ønskjer fleire deltakarar, fleire tillitsvalde og fleire som tek del i kulturopplæring og tradisjonsarbeid, må vi arbeide aktivt for å nå utover dei etablerte nettverka våre.
Levande tradisjonar treng nye deltakarar

Kulturarven blir ikkje teken vare på av seg sjølv. Han blir halden levande gjennom menneske som møtest, lærer av kvarandre og deler kunnskap vidare. Difor er rekruttering meir enn å fylle oppgåver og verv. Det handlar om å opne dørene til fellesskap, læring og deltaking.
Tala frå Frivillighetsbarometeret 2026 viser at mange ønskjer å vera med. No handlar det om å invitere dei inn.




Kommentarer