Bunadopplæringa

For dei som ynskjer å lære meir om bunadssaum

Bunadopplæringa skal gje ei praktisk innføring i dei grunnleggjande teknikkane innan bunadssaum og tilbehør, auke den historiske kunnskapen om folkedraktene som er bakgrunn for dagens bunader, og gje kjennskap til materialar og teknikkar brukt til bunadsproduksjon.

håndverk+ 2019. Foto: Torunn Elise Kveen

Bannerbilde: Torunn Elise Kveen

Om kurset

Opplæringa har som mål å stimulere til auka interesse for faget og enda fleire bunadsprodusentar og kurslærerar på bunadskurs i Noreg.

Bunadopplæringa er ei kursrekkje på seks modular som gjev ei brei innføring i praktisk bunadssaum. Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG3. Du syr ikkje ein komplett bunad. Opplæringa legg opp til ein del mengdetrening på eigehand som du må du sørgje for sjølv. Har du som mål å ta sveinebrev, kan du få individuell rettleiing mellom samlingane.

Meir informasjon

Informasjon

Modulplan
Brosjyre Bunadopplæringa
Læreplan bunadtilverkarfaget VG 3/opplæring i bedrift
 
Kursavgift 

kr. 4350,- per modul (prisen blir indeksregulert kvart år).

I tillegg til kursavgift, kjem materiellkostnadar. Materialpakke kan kjøpast på kurset. Det er ikkje høve til å arbeide med eigne prosjekt.

For dei tre fyrste modulane er det ca 500,- i materiell pr modul. For dei tre siste modulane er det ca 1000,- i materiell pr modul.

Deltakerne tek med:

Perm, plastlommer, skrivesaker, knappenåler, saks, måleband, tråkletråd, fingerbøl, fotoapparat eller mobil til å ta bilde for dokumentasjon, øvrige sysaker vil bli gjeve informasjon om i forkant av kvar modul.

Undervisningsstad

Vekslar mellom Raulandsakademiet i Rauland sentrum og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt på Fagernes.

Kost og losji:

Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting

Tlf.: 35 07 32 92.

Gi beksjed om at det gjelde Bunadopplæringa.

Undervisningstid:

kl. 09.00 – 18.00.

Siste dag avsluttast kl. 13.00.

Lengde på kurset:

Heile løpet går over tre år med med to modular i året på fem dagar kvar, vår og haust.


Ønskjer du å gjennomføre kursrekkja på stuttare tid, så kan du melde deg på det intensive løpet. Dette går over halvanna år og to modular i halvåret på fem dagar kvar.

 

Det er det same innhaldet i dei to kursrekkjene.

Kurslærarar:

Vi vekslar mellom ulike kurslærarar.

Målgruppe:

Kursrekkja rettar seg spesielt mot dei som ønskjer å ta sveinebrev i bunadtilverkarfaget, men er open også for dei som vil lære meir om faget. Kursrekkja bygger på kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG 3 opplæring i bedrift.

Arbeidsform:

Praktisk arbeid. Individuelt arbeid, plenumsdiskusjonar og stutte økter med teoriundervisning. individuell rettleiing og undervising i grupper.

Kontakt oss:

Studieforbundet kultur og tradisjon, Vågåvegen 35, 2680 VÅGÅ,


linda@kulturogtradisjon.no,
Tlf: 95 77 57 70

Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er seks veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.

 

Moduloversikt i Bunadopplæringa

Vi følgjer tett Folkehelseinstituttet sine anbefalingar i høve til Covid- 19, og Studieforbundet kultur og tradisjon har som ansvarleg arrangør for Bunadopplæringa smittevernreglar som må følgjast. Vi gjer merksam på at vi på grunn av Covid- 19 har måtta utsett fleire modular og at det vil koma nye datoar for fleire av samlingane

Det går per i dag fire prarallelle kursrekkjer i Bunadopplæringa. Kursrekkjene går anten over tre år med to samlingar i året, eller som ei intensiv kursrekkje som går over halvanna år. Den følgjer same opplegg, men har fire samlingar per år.

Modulplan Bunadopplæringa
Bunadopplæringa- støttelitteratur

A. KURSREKKJE 2022-

Modul 6: Saum i kvinnebunad og innføring i tilpassing, 5. - 9. september 2022, Rauland
 

B. KURSREKKJE 2020 - 2023 

Nokre ledige plassar på denne kursrekkja
Modul 3: Sting, saum og brodering, 7. - 11. mars 2022, Rauland
Modul 4: Skjorte og linsaum, 19. - 23. september 2022, Rauland
Modul 5: Saum i mannsbunad og innføring i tilpassing, 6. - 10.mars 2023, Rauland
Modul 6: Saum i kvinnebunad og innføring i tilpassing, hausten 2023, Rauland

C. KURSREKKJE 2022- 2025

Modul 1:  Introduksjon til bunadtilvirkerfaget, 26. - 30.september 2022, Rauland
(Ny læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift trer i kraft frå 1. august, og kursrekkja vil som følgje av det bli justert noko)

D. KURSREKKJE 2021 -2022

INTENSIV kursrekkje som går over halvanna år Nokre ledige plassar på denne kursrekkja
Modul 3: Sting, saum og brodering, 4.- 8. april, 2022, Rauland.
Modul 4: Skjorte og linsaum, 10. - 14. oktober, 2022, Rauland
Modul 5: Saum i mannsbunad og innføring i tilpassing, 14.  18. november 2022, Rauland
Modul 6: Saum i kvinnebunad og innføring i tilpassing, våren 2023, Rauland

Tilleggsmodular:

Mønsteravtak og gradering: 23. - 27. mai 2022, Rauland.

Arrangør tek atterhald om endringar

 
Foto: Anne Marte Før

Foto: Anne Marte Før

Om Bunadopplæringa og vegen til sveinebrev

Modulane i Bunadopplæringa er bygd opp kring kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget Vg3, og kan inngå som ein del av vegen til sveinebrev.

Bunadtilverkaren syr og dekorerer bunader og tilbehør. Bunadtilverkarfaget medverkar til å ta vare på og formidla tekstilhandverkstradisjon, kultur og identitet, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bunadtilverkarfaget skal dekkje behovet samfunnet har for produksjon av bunader bygd på historiske folkedrakter, og behovet for bunader med ulikt historisk opphav.

Opplæringa skal medverke til praktisk produksjon av bunader med tilbehør. Opplæringa skal vidare medverke til utvikling av handverksferdigheiter og kunnskap om ulike materiale til bruk i bunadproduksjon. Opplæringa skal også medverke til kunnskap om tilverking og bruk av bunader og folkedrakter gjennom ulike tider, i ulike kulturar og tradisjonar. Vidare skal opplæringa stimulere til å sjå samanheng mellom produksjon og marknad.(www.utdanning.no)

Vegen til sveinebrev

håndverk+ 2019 148.jpg
Sjå meir
Alternativ 1

Om du vil gå den formelle vegen, så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.

Vidaregåande skule:

  • Vg 1: Handverk, design og produktutvikling

  • Vg 2: Søm og tekstilhandverk

  • To års opplæring i bedrift i bunadtilverkarfaget

 

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

håndverk+ 2019 151.jpg
Sjå meir
Alternativ 2

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må vera:

  • Allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget

  • Godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

For å gå opp som praksiskandidat som bunadtilverkar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i Bunadopplæringa skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.

Korleis søkje læreplass? Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Læreplan Vg3 bunadtilverkar/opplæring i bedrift

 

Nyttige nettsider:

Opplæringskontoret for små håndverksfag www.smafag.no
Tradisjonshåndverk opplæringskontor og kompetansesenter www.mia.no/tradisjonshandverk
Norsk håndveksinstitutt www.handverksinstituttet.no
Vilbli, Fylkenes informasjonstjeneste for søkere til videregående opplæring www.vilbli.no
Nasjonal nettportal for informasjon om utdanning og yrke www.utdanning.no
Viken fylkeskommune www.viken.no

 
dsc_1207.jpg

Påmelding Bunadopplæringa

Takk for innsendinga di!