top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Nyheiter

Statsbudsjettet 2027: Historisk kutt rammar studieforbunda

for 5 timer siden
3 min lesing

Regjeringa foreslår å kutte om lag 70 millionar kroner til studieforbunda i statsbudsjettet for 2027. Det er tre gonger så mykje som kuttet i 2018, og vil innebera ein reduksjon på om lag 26 prosent av den samla studieforbundsordninga. Studieforbundet kultur og tradisjon meiner kuttet vil få alvorlege konsekvensar for frivillig læring, kultur og deltaking over heile landet.


Studieforbundet kultur og tradisjon reagerer kraftig på forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i dag. Studieforbund under Kultur- og likestillingsdepartementet er foreslått kutta med 18,1 prosent, medan studieforbund under Kunnskapsdepartementet er foreslått kutta med heile 50,2 prosent. Samtidig blir løyvinga til Voksenopplæringsforbundet (Vofo) redusert med 4,5 prosent.

Det mest oppsiktsvekkjande er at regjeringa ikkje peikar på nokon fagleg eller politisk grunn til kuttet. Grunngjevinga er i hovudsak at det har vore nødvendig å finne innsparingar.


– Dette er eit dramatisk forslag. Studieforbunda har fått om lag 70 millionar kroner i kutt samla sett. Det er tre gonger så mykje som i 2018, og vil få konsekvensar for frivilligheita over heile landet om det blir ståande. Samtidig er dette berre eit budsjettforslag. Vi har erfaring med å snu statsbudsjett før, og vi både håpar og trur at vi skal klare det denne gongen og, seier dagleg leiar Kjærsti Gangsø.

Kuttet rammar heile frivilligheita

Studieforbundsordninga er eit verktøy for læring og kompetansebygging i frivillige organisasjonar. Gjennom ordninga blir det kvart år gjennomført tusenvis av kurs innan kultur, handverk, musikk, dans, kulturarv, organisasjonsutvikling og ei rekkje andre fagområde.

Bak studieforbunda står om lag 500 medlemsorganisasjonar som nyttar ordninga for å tilby opplæring til frivillige, tillitsvalde og medlemmar. Fleire av medlemsorganisasjonane har og fått uforståelege kutt i driftstilskot.


– Dette handlar ikkje berre om studieforbunda. Det handlar om dei hundrevis av organisasjonane som brukar ordninga til å skape læring, aktivitet, kompetanse og fellesskap lokalt. Kuttet rammar heile breidda av frivillig sektor, seier Gangsø.

Frivilligheita er det sosiale limet i samfunnet

Studieforbundet kultur og tradisjon meiner regjeringa undervurderer verdien av frivillig læring og møteplassane som blir skapte gjennom kursaktiviteten.

I ei tid der både utanforskap og polarisering er utfordringar, spelar frivillige organisasjonar ei stadig viktigare rolle som arenaer for fellesskap, deltaking og livslang læring.

– Frivilligheita er noko av det viktigaste sosiale limet vi har i samfunnet. Gjennom kurs og aktivitetar møtest folk på tvers av alder, bakgrunn og bustad. Når ein svekkjer ordningar som legg til rette for dette, risikerer ein å svekkje mykje meir enn berre kursaktivitet, seier Gangsø.

Kutt før evalueringa er ferdig

Studieforbundet stiller også spørsmål ved at regjeringa vel å foreslå så omfattande kutt før arbeidet med framtidig organisering av studieforbundsordninga er ferdig.

I fleire år har studieforbunda etterlyst ei avklaring på konsekvensane av delinga mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Evalueringa er framleis ikkje avslutta.

– Det er vanskeleg å forstå kvifor regjeringa vel å gjennomføre så store kutt før dei har bestemt seg for kva dei eigentleg vil gjere med studieforbundsordninga. Når evalueringa ikkje er ferdig og framtida ikkje er avklart, burde ein vere varsam med å gjere irreversible inngrep i ordninga, seier Gangsø.

Ho meiner utviklinga også kan vera eit signal om at tida er inne for å samle studieforbundsfeltet igjen.

– Når studieforbund på tvers av begge departement no blir råka av kraftige kutt, er det naturleg å stille spørsmålet om vi burde vore samla i eitt departement igjen. Dei utfordringane sektoren står overfor krev i alle fall ein meir heilheitleg politikk enn det vi ser i dag, seier Gangsø.

Nokre ljospunkt

Sjølv om hovudbiletet er prega av store reduksjonar, finst det enkelte positive element i budsjettforslaget. Momskompensasjonsordninga blir styrkt og Hjerleid får ein auke på 100 000 kroner, som i praksis er å rekne som indeksregulering. Det er også ein svak auke innan kriminalomsorga, og vi merker oss at eldretiltak under Helse- og omsorgsdepartementet har fått ei auke.

Likevel meiner Studieforbundet kultur og tradisjon at desse tiltaka ikkje veg opp for dei omfattande kutta som er foreslått for studieforbundsfeltet.


Dette er ikkje avgjort

Studieforbundet kultur og tradisjon vil no arbeide saman med resten av studieforbundsfeltet, medlemsorganisasjonane og samarbeidspartnarane for å synleggjere konsekvensane av budsjettforslaget før Stortinget skal behandle budsjettet.

– Dette er eit svært alvorleg forslag, men det er ikkje det endelege budsjettet. Vi veit av erfaring at det er mogleg å få gjennomslag når konsekvensane blir synlege. Difor kjem vi til å bruke tida fram mot budsjettbehandlinga til å vise kva studieforbunda betyr for frivilligheit, læring og levande lokalsamfunn over heile landet, seier Gangsø.


 
 
 

Kommentarer


bottom of page