Tilretteleggingstilskot

Dersom kurset har deltakarar som treng ekstra tilrettelegging for å kunne delta, er det mogleg å få tilretteleggingstilskot i tillegg til det ordinære kurstilskotet. Du kan søkje midlar til å dekkje, eller delvis dekkje, meirkostnadar ved kursa som fylgje av tilrettelagt undervisning. Ved rapportering skal bilag leggjast ved. Er du i tvil, ta kontakt med kontoret.
Søknadane blir behandla fortløpande, og det blir tildelt tilskot så lengje det er pengar i potten.

Det kan søkjast støtte til:

• Ekstra kurslærar
• Ekstra/tilrettelagt utstyr/materiell
• Tilrettelagt kursstad
• Tilrettelagt kursprogram
• Ekstra eller tilrettelagt transport
• Ekstra planlegging, utvikling og oppfølging
• Ev anna som kan fjerne hindringar for deltaking

Tilskotet blir handtert etter skjønn. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Studieforbundet. Telefon: 61 21 77 50 eller e-post: post@kulturogtradisjon.no

Søknad:
Søknad om tilretteleggingstilskot gjer du i kursportalen