Korleis søke kursstøtte
Her finn du Kursportalen og informasjon
Kven kan søke?
Alle lokallag som er medlemmar av ein av våre medlemsorganisasjonar.
Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer pengar til vaksenopplæring gjeve over statsbudsjettet.
Usikker på om du driv med kurs eller annan aktivitet?
Satsar
Kurs med lærar: 100 kroner per time.
Timar utan lærar: 50,- per time i tilskot.
Vaksenopplæringsmidlane blir gjevne for å dekke utgifter til kurset/opplæringa, og satsen gjeld per time per gruppe, uavhengig av gruppestorleik. Er utgiftene lågare enn maks tilskot, blir tilskotet justert.
Minstesum (for kurs utan dokumenterte utgifter); for kurs meir enn 10 timar 500,- for kurs under 10 timar kr 50,- pr gjennomførte time.
Krav
Voksenopplæringsloven og forskriftene
For å få kurstilskot må kurset oppfylle krava i Voksenopplæringsloven og forskriftene:
• Minimum 4 timar kurs.
• Minst 4 deltakarar med 75% frammøte. Før alle deltakarar på frammøtelista.
• Følg godkjent studieplan.
• Lys kurset ut offentleg.
• Deltakarane må vera over 14 år, eller fylle 14 år i kursåret.
• Eit kurs kan ha inntil 50 % digitale timar. (Fram til 01.07.23 kan heile kurset gjennomførast digitalt)
Tips til gjennomføring av nettkurs
Ein kurstime er 60 min. 15 minutt av desse kan reknast som pause per time i løpet av total kurstid.
Søk støtte før kurset startar.
I informasjon som til dømes annonsar, program og materiell til kursdeltakarar skal det stå at kurset mottar støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon..
Regler for teaterkurs
Følgande reglar gjeld for teaterkurs:
- Maks 3 primærkurs på maks 200 timar kvar
- Maks 4 støttekurs på maks 30 timar kvar (Gjeld per produksjon.)
Ved store produksjonar har gjerne ein person fleire roller. Pass på at dei er deltakarar på berre eitt kurs på same tidspunkt.
Unntak i særlege tilfelle
-
Om det blir tre deltakarar, kan lærar «gjerast om» til deltakar. Tilskot blir gjeve etter reglane for kurs utan lærar.
-
Koronaårsakar: I 2020 og 2021 såg vi at det ofte vart færre kursdeltakarar enn opprinneleg påmeldt. Desse kursa har vi godkjent med mindre enn 4 deltakarar. Sett likevel opp alle opprinneleg påmeldte i deltakarlista (utan frammøte).
-
Andre årsakar til færre enn fire deltakarar; grunngjev det i kursrapporten, så vil det bli vurdert.
Studieforbundet kultur og tradisjon
Dei offentlege kursmidlane er under press. Hugs difor å gjere ordninga synleg ved å nemne at kurset får støtte gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon ved annonsering.
Legg gjerne ved logoen vår i informasjon om kurset. Logo for Studieforbundet kultur og tradisjon finner du her.
Rapport
Fristen for å rapportere kurs er 3 månader etter sluttdatoen som er oppgjeve på søknaden. Kurs som ikkje er rapportert innan tre månader vil automatisk bli sletta. For kurs med slutt frå 15.oktober og ut året, er fristen 15. januar året etter. Eksempel: Kurs som er avslutta 15.juni må vera rapportert 15. september, men eit kurs som er avslutta 20. desember må rapporterast seinast 15. januar.
Rettleiing til rapportering finn du her
Vil du skrive ut rettleiing, finn du den i PDF-format her: Rapportrettleiing
Det vil vera lurt å sjå filmen over før du skriv ut dokumentet og set i gang.
Brukarrettleiing
Her finn du rettleiing til søknad av kurs i ny kursportal. Både korleis du opprettar ein brukar og loggar deg inn, og korleis du sendar inn søknad og rapporterer.
Rettleiingsfilmar
Dokument i PDF for utskrift
Tilretteleggingstilskot
Dersom kurset har deltakarar som treng ekstra tilrettelegging for å kunne delta, er det mogleg å få tilretteleggingstilskot i tillegg til det ordinære kurstilskotet. Du kan søkje midlar til å dekkje, eller delvis dekkje, meirkostnadar ved kursa som fylgje av tilrettelagt undervisning. Ved rapportering skal bilag leggjast ved. Er du i tvil, ta kontakt med kontoret.
Søknadane blir behandla fortløpande, og det blir tildelt tilskot så lengje det er pengar i potten.
Du kan søkje støtte til:
-
Ekstra kurslærar
-
Ekstra utstyr/materiell
-
Tilrettelagt kursstad
-
Tilrettelagt kursprogram og undervisningsmateriell
-
Ekstra eller tilrettelagt transport
-
Ekstra planlegging, utvikling og oppfølging
-
Ev anna som kan fjerne hindringar for deltaking
Tilskotet blir handtert etter skjønn. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Studieforbundet.
Telefon: 61 21 77 50
eller e-post: post@kulturogtradisjon.no
Søknad:
Søknad om tilretteleggingstilskot gjer du i kursportalen
Organisert opplæring eller ordinær aktivitet?
Av og til er det vanskeleg å definere kva som er kurs og kva som er aktivitet og/eller dugnadsarbeid. Vi lærer av det meste vi driv med her i livet, og ikkje minst av arbeidet i ein frivillig organisasjon. Likevel er ikkje alt kurs med rett til tilskot i følge Voksenopplæringsloven.
Her er ei sjekkliste for lettare kunne vite kva som er kurs du kan søkje støtte til:
-
Har aktiviteten eit læringsmål?
-
Foregår målretta, organisert læring?
-
Er deltakarane samla fysisk eller digitalt og arbeider saman for å lære?
-
Får deltakarane kursbevis?
For å kunne få støtte som organisert opplæring/kurs må:
-
Laget kjenne til at dette er organisert opplæring,
-
kurslærar skal vite at han/ho er sett opp som kurslærar og at det blir søkt kurstilskot
-
kursdeltakarane må vite at dei er med på organisert opplæring og dei må vite kven som er arrangør
Kven er lærar?
I Studieforbundet skil vi mellom kurs med og utan lærar. Kurs med lærar får høgare timetilskot. Kurslærar er den som står for opplæringa og har det pedagogiske ansvaret for at deltakarane arbeider i tråd med læringsmåla i studieplanen. Det er ikkje krav om at kurslærar skal ha betalt. Det bestemmer kurslærar og arrangør.
Tilskot til motivasjonsarrangement
Studieforbundet kultur og tradisjon hadde i 2022 ei ordning med motivasjonstilskot, denne er ikkje lenger søkbar i 2023.
Det kunne søkjast til regionale- eller nasjonale motivasjonstiltak i medlemsorganisasjonane sine region- og sentralledd.
Kursnamnet måtte innehalde "Motivasjonssamling", og alle slike samlingar skulle følge Lov om voksenopplæring.
Det inneber minst 4 timar og minimum 4 deltakarar.
Motivasjonssamlinga kunne da motta både motivasjonstilskot og ordinært timetilskot. Digitale motivasjonssamlingar kan få inntil 3000,- i motivasjonstilskot. Fysiske motivasjonssamlingar kunne få inntil 20000,- i motivasjonstilskot.
Det var eit krav å fylle inn budsjetterte utgifter, tilsagnet vart gjeve på bakgrunn av dette.