Nyheiter

Rapportering for 2021

Ei gledeleg auke frå 2020!

De har vore flinke! Vår rapportering til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HK-dir, er gjennomført og sendt for kursåret 2021. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane gjennomførte 4502 kurs med 124554 timar og 39425 deltakarar. Det er eit godt stykke unna 2019-nivå, før pandemien, men likevel ei gledeleg auke frå 2020.



Den gledelege auka frå det eine året med Covid-restriksjonar til det neste trur vi både kjem litt av at samfunnet i periodar har opna meir opp, men kanskje like så vel av korleis lokallag og organisasjonar har greidd å finne måtar å likevel arrangere kurs på. Dette har dei greidd både ved å vera kreative på korleis få til å møte fysisk innanfor dei restriksjonane som har vore, og ved betydeleg kompetanseheving og stor mobilisering på digitale plattformar.


Ulike område

Vi ser at den aktiviteten som har streva mest under pandemien er dans, og særleg da Seniordans. Dette er naturleg, sidan både aktivitet og målgruppe er utsette og sårbare for smitte.

Området teater er ganske stabil, sjølv om fordeling av mengde kurs og type kurs innanfor dei ulike organisasjonane har endra seg noko. Spela på sommarstid er nok gode bidrag her for å halde kurstalet oppe.

Elles er aukene å finne innanfor tradisjonsmat, og særleg stor auke innanfor livsyn og filosofi. Sistnemnde er ein direkte konsekvens av at Human-Etisk Forbund er nytt medlem hjå oss, ein organisasjon som held mykje kurs.


Nøkkeltala viser ei stor auke i deltakarar frå året før, og mange deltakarar i høve til kurs. Noko av grunnen til dette tenkjer vi har samanheng med avvikling av digitale kurs, og at desse framstår som lett tilgjengelege og lågterskel innanfor fleire fagområde.



115 visninger

Siste innlegg

Se alle