UL Skjoldafjord – når frivillig kultur blir landskjent
- torunn92
- for 1 døgn siden
- 3 min lesing
I Skjold i Rogaland finst eit ungdomslag som har gjort noko heilt spesielt: dei har klart å gjera kultur til eit fellesprosjekt for heile bygda. UL Skjoldafjord tilbyr revy, teater, musikal, dans og bygdekino. Dette skapar aktivitetar som samlar både barn, ungdom og vaksne. Slik blir kultur ikkje berre underhaldning; det er limet som held lokalsamfunnet saman.

Årets lokallag i Noregs Ungdomslag
I 2024 vart UL Skjoldafjord kåra til Årets lokallag i Noregs Ungdomslag. Juryen la vekt på at laget skapar gode lokalsamfunn gjennom varierte aktivitetar og inkluderande møteplassar. UL Skjoldafjord har gjennom meir enn hundre år vore ein kulturell berebjelke i bygda, og framleis er samhaldet og fellesskapet det viktigaste. Laget viser korleis ein kan samle folk på tvers av alder og erfaring.
– Det er eit unikt samhald – bygda samlast på dugnad. Alle stiller opp til ulike oppgåver, både på og bak scenen, og som begeistra publikum, seier leiar Morten Eiknes.
Produksjonane deira er breie og inkluderande. Dei gjev barn, ungdom og vaksne ein solid kulturtradisjon, med alt frå revy til musikalar og barneteater. Publikum stiller opp kvar gong, stolt og forventningsfullt, og bygda set stor pris på det dei lagar.
Ein milepæl: We Will Rock You
I 2025 tok UL Skjoldafjord sats og sette opp musikalen We Will Rock You. Dette er hittil den største produksjonen i laget si historie. Her sto barn, ungdom og vaksne på scena saman, og resultatet vart ei framsyning som rørte og imponerte bygda.
Stikkorda deltakarane brukte om opplevinga var: «Samhald, energi, engasjerande, dritfett, megakjekt.» Denne musikalen skulle vise seg å få ringverknader langt utover Skjold.
Etter suksessen er laget alt i gang med planlegginga av neste store musikal; Aladdin, med premiere i februar 2026 – som igjen skal samle heile bygda om ny scenemagi. Allereie månaden etter, i mars 2026, står revyen for tur, eit nytt, lokalt prosjekt der humor, musikk og bygdeliv står i sentrum.

Vinnar av Bøhrreprisen 2025
Under Teaterdagane på Lillehammer vart UL Skjoldafjord tildelt Bøhrreprisen 2025 av Norsk Amatørteaterforbund. Prisen går til nokon som har betydd mykje for amatørteatermiljøet i Noreg – det kan vera både privatpersonar, lag og organisasjonar. Dette året var det ein heil organisasjon som fekk heideren.
Ungdomslaget sjølv seier det best:
– Denne prisen er ikkje berre til oss, men til alle dei frivillige som legg ned utallige timar med hjarte, sveitte og latter.
Og vidare:
– Denne prisen er ei stadfesting på at når vi står saman, kan vi få til det utrulegaste – midt i vesle Skjold!
I skrivande stund meldar UL Skjoldafjord dessutan at dei akkurat har fått vite at dei er tildelt Kulturprisen 2025 frå Vindafjord kommune!

Kulturglede året rundt på Skjold Arena
UL Skjoldafjord held stø kurs framover, med nye prosjekt og opplevingar for både store og små. I november og desember blir Skjold Arena forvandla til kino med storfilmar på programmet – og ikkje kva som helst! Allereie 19. november er det norgespremiere på filmen Wicked, og 17. desember kjem norgespremieren på Avatar. At ei lita bygd får vise slike storfilmar på premieredato, seier sitt om kor langt UL Skjoldafjord har kome med sitt kinotilbod.
Og i oktober vart det stor fest på Skjold Arena da over 600 festglade menneske samla seg til Oktoberfest med Ausekarane på scena. Eit ellevilt show med topp stemning og full dugnad frå heile bygda. Neste år står bandet Ingenting klare, og billettane går unna.
– Vi gjer det fordi vi elskar å skape noko saman. Det er det som gjer Skjold heilt spesiell, seier Morten Eiknes.
Eit forbilde for frivillig kulturarbeid
Bøhrre-juryen skriv at UL Skjoldafjord er eit fyrtårn for amatørteater i Rogaland. Med medlemmar i alle aldrar, solide tradisjonar og stadig nye prosjekt, viser dei kva som er mogleg når engasjement, fellesskap og kjærleik til scenekunst får blomstre.
UL Skjoldafjord beviser at amatørteater kan vere både inkluderande, profesjonelt, publikumsvennleg og gjevande for heile lokalsamfunnet.
Og kanskje viktigast: dei skapar minne for livet – både for aktørar og publikum.

Det UL Skjoldafjord lærer oss
Å skape sterke lokalsamfunn handlar ikkje alltid om store bygg, store budsjett eller store byar. Det handlar om menneske som vil noko saman.
Kultur skaper fellesskap, fellesskap skaper kraft, og kraft kan forandre ei heil bygd.




Kommentarer