top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Har laget ditt inkluderingskurs?

  • torunn92
  • for 2 døgn siden
  • 3 min lesing

Har laget ditt lyst til å invitere fleire inn? Studieforbundet kultur og tradisjon kan hjelpe med å arrangere inkluderingskurs.

Frå Kulturhjerte på Lillehammer si framsyning Til bords. Foto: Kulturhjerte.
Frå Kulturhjerte på Lillehammer si framsyning Til bords. Foto: Kulturhjerte.

Vårt mål er at det skal vera enkelt for lag å inkludere nye deltakarar – spesielt menneske som står utanfor etablerte nettverk eller manglar norskkunnskapar. Studieforbundet kultur og tradisjon har eit tydeleg mål: Det skal vera mogleg for alle som bur i Noreg å bli kjent med og lære kulturuttrykk og folkelege tradisjonar i skapande og trygge fellesskap.

For oss betyr dette at kurs og opplæring skal vera for alle – også for menneske som av ulike grunnar står utanfor etablerte nettverk og aktivitetar. Gjennom inkluderingskurs hjelper vi lokallag med å opne dørene, invitere nye deltakarar inn og skape rom for meistring, språk og fellesskap.

Nils Ulvund i Sunndal Mållag er ein som verkeleg har knekt inkluderingskoden og har halde kurs på kurs! Her saman med Mekalih Tesfay. Mekalih kom aleine til Sunndal som 15-åring. På Sunndalsøra møtte han Nils – det skulle få alt å seie for den mindreårige asylsøkjaren frå Eritrea.

Dette kan Studieforbundet tilby laget dykkar

Når ditt lag held kurs, kan du søke støtte gjennom Studieforbundet. Vi kan bidra med:

✔ Tilretteleggingstilskot: For ekstra utgifter knytt til inkludering – t.d. tolk, transport, ekstra lærar, barnepass eller materiell.

✔ Prosjektmidlar/full finansiering: Vi får jamleg midlar frå t.d. IMDi, Sparebankstiftelsen og fylkeskommunar. Det betyr at vi i mange tilfelle kan heilt eller delvis finansiere inkluderingskurs.

✔ Ordinært timetilskot: Alle kurs får vårt vanlege timetilskot i botnen.

✔ Rådgiving og nettverk: Vi kan bistå med å kople saman lag med relevante samarbeidspartnarar, som frivilligsentralar og flyktningtenester – og med andre lag som har gjort dette før.

Kari Kristin Folden er leiar i Tingvoll Husflidslag og primus motor bak at fleire hundre innvandarar og flyktningar har fått gå på kurs i husflidslaget, saman med andre kursdeltakarar frå Tingvoll, for å lære ulike handarbeids- og handverksteknikkar, for å høyre til og for å bli kjent med andre og vera ein del av eit fellesskap. Her saman med Margarita Yevnytskiy og Valentyna Yaroschenko frå Ukraina.

Kva er eit inkluderingskurs?

Eit inkluderingskurs er eit heilt vanleg kurs i det laget allereie driv med – til dømes teater, strikking, dans eller matlaging – men med ekstra tilrettelegging slik at alle kan delta og meistre.

Det viktigaste er:

  • låg terskel for å bli med

  • rom for språktrening og sosial deltaking

  • fokus på fellesskap, ikkje prestasjon eller resultat

Mange av deltakarane lærer norsk best gjennom aktivitet og samspel. Det frivillige laget blir ein trygg møteplass for læring og nettverk.

Lag som held inkluderingskurs får vist fram og rekruttert til aktiviteten dei brenn for. Ofte blir dei nye deltakarane også verande i laget.
Lag som held inkluderingskurs får vist fram og rekruttert til aktiviteten dei brenn for. Ofte blir dei nye deltakarane også verande i laget.

Kvifor bør laget vurdere dette?

  • de får vist fram aktiviteten de brenn for

  • nye folk kjem inn i laget – og ofte blir dei verande

  • laget bygger eit inkluderande lokalmiljø

Når folk får plass rundt bordet, blir det meir deltaking – både i kulturlivet og i samfunnet elles.

Sunndal Mållag får ut heile familiar på språkkafeane på biblioteket. Slikt skapar godt samhald og bygger tette relasjonar mellom nye og "gamle" nordmenn.
Sunndal Mållag får ut heile familiar på språkkafeane på biblioteket. Slikt skapar godt samhald og bygger tette relasjonar mellom nye og "gamle" nordmenn.

Vil laget prøve?

Send ein e-post til Studieforbundets "inkluderingsminister" på kristin@kulturogtradisjon.no eller ring – så finn vi saman ein god måte å gjennomføre kurset på.

Les meir om inkludering og Åpent for alle på nettsidene våre.

Saman skaper vi møteplassar for læring, fellesskap og mangfald.

Kommentarer

bottom of page