Politikarprat på Arendalsuka
- for 2 timer siden
- 2 min lesing
Arendalsuka er ein viktig arena for dialog med politiske beslutningstakarar. Studieforbundet kultur og tradisjon saman med Voksenopplæringsforbundet var så heldige å få snakke med både Haagen Poppe frå Høgre og Bente Estil frå Arbeidarpartiet, begge medlemmer av Familie- og kulturkomiteen.

Tre særlege sakar
I samtalane løfta vi særleg fram tre viktige saker for organisasjonane våre og feltet vi representerer:
evaluering av studieforbundsordninga etter at ansvaret er fordelt på to departement
behovet for ein nasjonal strategi for immateriell kulturarv som sikrar betre samhandling mellom departementa og det frivillige feltet
utfordringar knytte til realkompetansevurdering gjennom privatskulelova, som i dag skaper hindringar og forseinkingar for oppstart av tradisjonshandverksutdanning for vaksne
Kva for departement skal vi tilhøyre?
Fem år er gått sidan ansvaret for studieforbunda vart delt mellom to departement, Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Erfaringane frå denne perioden gjer at vi meiner det er behov for ei grundig evaluering av korleis ordninga fungerer i dag. Sjølv om studieforbunda i stor grad driv lik opplæring og ofte bidreg til dei same politiske måla, har utviklinga i tilskotsnivå og rammevilkår etter kvart blitt skeivdelt og ulik. Vi etterlyste derfor ein gjennomgang som ser på korleis ein kan utnytte potensialet i heile studieforbundssektoren betre og sikre meir likeverdige vilkår. For oss er det viktigaste ikkje kva departement studieforbunda ligg under, men at ordninga blir innretta slik at ho fungerer best mogleg for alle.
Nasjonal strategi for immateriell kulturarv
Vi ser stort behov for ein nasjonal strategi for immateriell kulturarv. Vi opplever at ansvaret i dag er spreidd mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå, medan tradisjonane vi arbeider med ofte kryssar grensene mellom kultur-, utdannings-, miljø-, landbruks- og næringspolitikk. UNESCO-konvensjonen for vern av immateriell kulturarv fortener etter vårt syn større politisk merksemd og ei meir heilskapleg oppfølging. Vi etterlyste derfor ein arena der organisasjonar, styresmakter og fagmiljø kan møtast for å diskutere utfordringar og prioriteringar på tvers av sektorane, og tok til orde for at arbeidet med levande kulturarv må løftast høgare på den politiske dagsordenen.
Realkompeansevurdering - skal det vera så vanskeleg?
Den tredje saka vi tok opp var utfordringane med realkompetansevurdering og opptak til tradisjonshandverksutdanningar for vaksne. For utdanningstilbod som dei ved Hjerleid handverksskule kan dagens regelverk føre til lange ventetider og store praktiske utfordringar for søkjarane. Mange av dei som søkjer seg til slike utdanningar er vaksne som tek eit viktig karriereval eller ønskjer å skaffe seg ny kompetanse. Når realkompetansevurderinga må gjennom system som ikkje er tilpassa desse små og spesialiserte faga, kan det forseinke eller hindre opptak.

Vi peika også på utfordringane med å skaffe læreplassar innan små tradisjonshandverksfag, der verksemdene ofte er så små at det er krevjande å kombinere rolla som arbeidsgivar, handverkar og lærebedrift. Her meiner vi det er behov for særskilde tiltak dersom samfunnet skal klare å sikre rekruttering til fag som er avgjerande for å halde den levande kulturarven i hevd.
Både Poppe og Estil var lydhøyre og løysingsorienterte, og viste stor vilje og interesse i å ta vidare fleire av sakene vi løfta fram.




Kommentarer