God sommar!
- 22. juni
- 1 min lesing
Studieforbundet ønskjer deg ein riktig god sommar med god restitusjon og gode opplevingar for alle.
Kontoret har sommartid på telefon 10.00-14.00 frå og med måndag 22. juni og fram til måndag 17. august.
I veke 29, 30 og 31 er kontoret stengt. (13. juli–2. august)
Vi gler oss på nye prosjekt og godt samarbeid, ta berre ein telefon til oss!

SOMMAR
Sitja berrføt attmed nøkkros-tjønna i sommarkvelden når myggen bit. Småfluger teiknar ringar i vatnet, sviv hit og dit. Sommargleda er dogg og graslukt og kløver kvit. Gløyme alt - berre kjenne vinden om sinn og øyro med lukt av lyng. Sjå mot granskog og berre lye til sommarkvelden. Høyr, kor det syng!
- @Marit Hjorthol -




Kommentarer