top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Nyheiter

Seniordans for kropp og hovud

  • for 33 minutter siden
  • 4 min lesing

Seniordans handlar ikkje berre om å halde seg i rørsle. Det handlar også om å lære, delta, bidra og vera ein del av eit fellesskap. Gjennom dansen blir både hukommelse, meistringskjensle og tilhøyrsle styrkte. Vi har teke ein prat med Kari Brekken, leiar i Vågå Seniordans.


Vågå Seniordans har vore ein fast møteplass for bygdefolk sidan år 2000 og har per i dag 14 medlemmar. At gruppa framleis er aktiv, vitnar om eit tilbod som fyller behov langt utover det å halde seg i fysisk aktivitet. Her frå ei oppvising i Vågåmo sentrum for nokre år sidan.
Vågå Seniordans har vore ein fast møteplass for bygdefolk sidan år 2000 og har per i dag 14 medlemmar. At gruppa framleis er aktiv, vitnar om eit tilbod som fyller behov langt utover det å halde seg i fysisk aktivitet. Her frå ei oppvising i Vågåmo sentrum for nokre år sidan.

Vågå seniordans har lange tradisjonar

Vågå Seniordans har vore ein fast møteplass sidan år 2000. Gjennom meir enn 25 år har deltakarane møtt kvarandre til dans, læring og sosialt fellesskap ein gong i veka, fyrst i kjellaren på Vågå hotell, sidan på Frivilligsentralen i Vågå. At gruppa framleis er aktiv, vitnar om eit tilbod som fyller behov langt utover det å halde seg i fysisk aktivitet. Kari Brekken fortel at ho har vore med i Vågå Seniordans heilt sidan oppstarten av gruppa, da ho var midt i femtiåra. Ho vart drege med av to venninner som var eldsjelene bak oppstarten av Vågågruppa; Bjørg Hernæs og Hjertrud Skogen. Kari fekk reise på inspirerande instruktørkurs og vart rask leiar for laget da gruppa vart meir formalisert. Sidan har ho vorte verande leiar i 25 år. Snakk om standhaftig eldsjel!

Vågå seniordansgruppe med leiar Kari Brekken fremst til venstre i bildet. Foto: Kari Brekken
Vågå seniordansgruppe med leiar Kari Brekken fremst til venstre i bildet. Foto: Kari Brekken

– Det er så artig. Eg trivst svært godt. Eg likar å danse, og eg likar at vi har mykje forskjellige dansar. Det gjer det artig, tykkjer eg, seier Kari. – Vi blir kjent med folk vi kanskje ellers ikkje ville bli kjent med, både lokalt og regionalt. Vi er nemleg også del av ei større regiongruppe i region Seniordans Gudbrandsdal. Treffane vi har der er motiverande og lærerike.

Regionsamling i Vågå. Foto: Inger Kari Sæta
Regionsamling i Vågå. Foto: Inger Kari Sæta

Vi må ha noko å strekke oss etter også

Vågå Seniordans har per i dag 14 medlemmar og er i fylgje Kari ei stabil gruppe, der det sleng innom nye av og til, og dei som forsvinn frå dansen, gjer det gjerne av naturlege årsakar.


Denne gjengen er det ingen sak å vera leiar for, seier Kari. – Vi har så godt samhald, mykje glede, vi kjenner på meistring og har det triveleg i lag. Terskelen for å vera med er låg. Det er ikkje så nøye om du har takt, eller om du ikkje kan vera med på riktig alt. Da set vi oss berre litt. Samtidig er det viktig å også utfordre oss litt på litt vanskelegare dansar, det går litt prestisje i det for oss instruktørar. Eg hadde ein deltakar ein gong som sa nettopp det, at vi må da ha noko å strekke oss etter også. Eg trur det er viktig for å halde på dansarar, og også for å rekruttere nye.

Kari Brekken i aksjon med danseinstruksjon på førjulstreff for seniordansarar i Vågå. Foto: Inger Kari Sæta.
Kari Brekken i aksjon med danseinstruksjon på førjulstreff for seniordansarar i Vågå. Foto: Inger Kari Sæta.

Seniordans gir trening for både kropp og hovud

Læring stoppar ikkje når ein blir eldre. Tvert imot opplever mange at det gir meistring og motivasjon å tileigne seg nye ferdigheiter. For mange handlar seniordans om langt meir enn fysisk aktivitet.  For mange er dansen ein arena for vennskap, meistring og livslang læring. Kvar gong deltakarane møtest, blir også hukommelse, konsentrasjon og evna til å lære noko nytt utfordra. Nye trinn skal lærast, rørslemønster skal hugsast, og dansen skal gjennomførast i takt med musikken og saman med andre. På den måten blir seniordans ein aktivitet som stimulerer både kropp og hjerne. I seniordansen får deltakarane utfordringar på sitt eige nivå, utan prestasjonspress og krav om forkunnskapar. Studieplanen for seniordans har mellom anna som mål at deltakarane skal lære rytmar, danseteknikk og samværsdans, og få erfaring med læring gjennom praktisk deltaking.  Her er det gleda ved å delta som står i sentrum. Seniordans legg også vekt på at den enkelte skal kunne medverke ut frå eigne føresetnader, og at læringsmiljøet skal vera inkluderande og tilgjengeleg for alle.


Livslang læring og medborgarskap

Seniordans er ein viktig arena for livslang læring og aktiv samfunnsdeltaking. I studieplanen blir aktiviteten knytt direkte til måla i vaksenopplæringslova om å styrke kulturelt mangfald, gjere det mogleg for menneske å påverke sin eigen livssituasjon, senke terskelen for læring og deltaking i frivillige organisasjonar, samt motverke utanforskap og fremme inkludering. Gjennom å lære saman, delta i organisasjonslivet og vera ein del av eit frivillig fellesskap, blir deltakarane ikkje berre aktive mosjonistar, men også aktive samfunnsborgarar.


Inkludering og tilhøyrsle

Det sosiale fellesskapet er ein viktig del av opplevinga. Dansen samlar menneske på tvers av bakgrunn og erfaring, og gir rom for både latter, samvær og nye vennskap. Mange ser på danseøktene som eit fast haldepunkt i kvardagen, der dei møter andre i eit inkluderande miljø og kjenner på tilhøyrsle.


Vi lot oss ikkje knekke av pandemien, seier Kari i Vågå seniordans. – Vi heldt berre opp nokre øvingar, før veret vart betre og vi fann på at vi kunne danse linedance ute. Så fekk vi avstandspinner vi kunne halde i som hjelpemiddel. Eg veit nabogrupper som dessverre gjekk dukken under pandemien. Vi var svært svært glade vi da vi kunne møtast å halde i kvarandre att og danse på vanleg vis. Treffane våre betyr mykje for mange.


Ei av dei viktigaste oppgåvene, seier Seniordans Norge, er å bygge sosiale nettverk og skape møteplassar der alle kan delta, også utan partnar.
Ei av dei viktigaste oppgåvene, seier Seniordans Norge, er å bygge sosiale nettverk og skape møteplassar der alle kan delta, også utan partnar.

Seniordans Norge framhevar sjølve at ei av dei viktigaste oppgåvene deira er å byggje sosiale nettverk og skape møteplassar der alle kan delta, også utan partnar.

Dette er særleg viktig i ei livsfase der mange opplever at nettverket rundt dei blir mindre. Regelmessige møteplassar kan bidra til å motverke einsemd og utanforskap, samstundes som dei gir meining og innhald i kvardagen. Både forsking og nasjonale kunnskapsoppsummeringar peikar på at aktivitet kombinert med sosialt fellesskap har stor betydning for livskvalitet, meistring og opplevinga av meining blant eldre.

For den enkelte kan seniordans difor bety mykje meir enn ein time med musikk og rørsle. Det er ein arena for læring, meistring og personleg utvikling, men også ein stad der ein blir sett, inkludert og verdsett.



Gjennom å lære nye ferdigheiter, delta i eit fellesskap og bidra til aktivitetsmiljøet rundt seg, opplever mange auka livsglede, større sjølvtillit og ei sterkare kjensle av å vera ein aktiv del av samfunnet.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page