Ny modulrekke i Bunadopplæringa, i BODØ!
- torunn92
- 26. juni
- 1 min lesing
Vi prøvar oss på ein ny vri og legg ei modulrekke i Bunadopplæringa til Bodø!
Er du nordfrå, eller det er av andre grunnar er lettare for deg å delta i Bodø, hiv deg rundt og meld deg på!
(Lokale deltakarar vil få prioritet ved påmelding)

Kva: Modul 1 introduksjon til bunadtilverkarfaget
Kursstad: Zinnia Kunstnerkollektiv, Storgata 44, sentralt i Bodø sentrum
Når: 1. – 5. september 2025, kl. 09.00 – 18.00, avsluttar med lunsj kl.12.00 fredag
Kurslærarar: Barbro T. Storlien, Hege- Therese Nilsen og Karin-Johanne Ness
Innhald:
Bunadtilverkarfaget sine sentrale verdiar og eigenart
Dokumentasjon og eige arbeid
Vegen til sveinebrev
Bransjeinformasjon og kjeldekritikk
Praktiske øvingar: Sting og saumforklaring
Presentasjon av bunadtilverkarfaget relatert til sveinebrevet D
Dokumentasjon av eige arbeid
Innføring i eit utval småteknikkar som sting og samansyings-teknikkar.
Kost og losji: Deltakarane må sjølve ordne med overnatting. Vi kan anbefale Opsahl Gjestegaard, Prinsens gate 131, 8005 Bodø. Telefon: 92 84 03 35
Om Bunadopplæringa, modul 1, kompetansemål, støttelitteratur og påmelding,
Modulane i Bodø er arrangert i samarbeid med Nordland Husflidslag etter særskilt avtale. Bunadopplæringa er elles eit løpande samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet.
Comments