top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Nyheiter

Kva blir gjort for å hindre budsjettkutta?

for 13 minutter siden
3 min lesing

Onsdag 7. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2027, med kutt på omlag 70 millionar kroner i løyving til studieforbunda. Det førte til rask mobilisering frå Vofo, studieforbunda og medlemsorganisasjonar.


Godt samarbeid

Arbeidet med å hindre at det foreslåtte kuttet til studieforbundsordninga vart ståande, har vorte eit svært viktig og omfattande arbeid for Studieforbundet denne hausten. Om kuttet skulle bli ståande, vil det få store konsekvensar for frivillig opplæring, kulturaktivitet og kompetansebygging over heile landet.


Berre fem dagar etter at statsbudsjettet vart lagt fram, vart det etablert ei felles aksjonsgruppe med representantar frå Voksenopplæringsforbundet (Vofo), studieforbunda og medlemsorganisasjonane. Studieforbundet kultur og tradisjon har vore representert i gruppa, som har arbeidd med politisk påverknad, informasjonsdeling og mobilisering mot dei foreslåtte kutta


Frå dagen statsbudsjettet vart lagt fram, arbeidde vi aktivt saman med Vofo og medlemsorganisasjonane våre for å synleggjera overfor politikarar, beslutningstakarar og det offentlege kva konsekvensar eit slikt kutt ville få. Gjennom sosiale medium, aviser og direkte kontakt med organisasjonane og politikarar har vi forsøkt synleggjera verdien av den læringa og aktiviteten som blir skapt gjennom studieforbundsordninga. Vi har løfta fram korleis ordninga bidreg til å halde oppe kulturtradisjonar, skape møteplassar og styrkje frivilligheita i lokalsamfunn over heile landet.


Privatpersonar, lokallag, fylkeslag, organisasjonar, lokalpolitikarar og fylkespoltikkarar, ja endatil stortingspolitikarar har talt saka vår i aviser og sosiale medium. Det er vi svært takksame for!
Privatpersonar, lokallag, fylkeslag, organisasjonar, lokalpolitikarar og fylkespoltikkarar, ja endatil stortingspolitikarar har talt saka vår i aviser og sosiale medium. Det er vi svært takksame for!

Mange stemmer, same bodskap

Vi kalla raskt inn til digitale medlemsmøte for å orientere om situasjonen, dele informasjon om det politiske arbeidet og mobilisere medlemsorganisasjonane til å delta i påverknadsarbeidet. Med støtte frå Studieforbundet fekk organisasjonane verktøy og kunnskap til sjølve å synleggjera konsekvensane av kuttet overfor politikarar og media. Og vi har fått god drahjelp! Privatpersonar, lokallag, fylkeslag, organisasjonar, lokalpolitikarar og fylkespoltikkarar, ja endatil stortingspolitikarar har talt saka vår i aviser og sosiale medium. Det er vi svært takksame for!

Mobiliseringa samlar eit breitt spekter av norsk frivilligheit. Til nå har over 140 organisasjonar stilt seg bak eit felles opprop mot kutta i studieforbundsstøtta. Organisasjonane representerer mellom anna kultur, musikk, handverk, idrett, friluftsliv, helse og humanitært arbeid, og viser kor breitt studieforbundsordninga verkar i samfunnet.


Meir enn tal

Studieforbundet samarbeider tett med Vofo og dei andre studieforbunda. Saman arbeider vi for å skape merksemd om saka, påverke dei politiske prosessane og sikre forståing for den sentrale rolla studieforbunda spelar i frivillig sektor.

I møte med politikarar har vi lagt vekt på at studieforbundsordninga er meir enn dei kursa som blir gjennomførte. Ordninga gjer det mogleg å tilby rettleiing, kompetanse, administrasjon og system som frivillige organisasjonar er avhengige av for å kunne drive opplæring lokalt.

Vi er opptekne av å flytte merksemda frå tal i eit budsjett til menneska og aktivitetane bak tala. Bodskapen er tydeleg:


Kutta rammar ikkje først og fremst studieforbunda som administrasjonar, men dei mange tusen frivillige som kvart år deltek på kurs, lærer nye ferdigheiter, tek vare på kulturarven og skaper levande fellesskap i lokalmiljø over heile landet.


Frå lokalavisa Fjuken, der Studieforbundet hadde ein kronikk om konsekvensane for ivaretaking av trua kulturarv. Bildet viser ei lyre blir til på TREseminaret på Hjerleid. 
Frå lokalavisa Fjuken, der Studieforbundet hadde ein kronikk om konsekvensane for ivaretaking av trua kulturarv. Bildet viser ei lyre blir til på TREseminaret på Hjerleid. 

Arbeidet for å reversere kutta har samla studieforbund og frivillige organisasjonar over heile landet. I Vofo si sak kan du lese meir om aksjonsgruppa, oppropet med 140 organisasjonar og det politiske påverknadsarbeidet som er gjort.


Felles innsats mot budsjettkuttene: Aksjonsgruppa vart etablert 12. oktober, berre fem dagar etter at regjeringa la fram statsbudsjettet for 2027. Representantar frå Vofo, studieforbunda og medlemsorganisasjonane samarbeider om politisk påverknad, informasjonsdeling og mobilisering. Bildet er frå eit av gruppa sine møte. Foto: Kristin Myrmel
Felles innsats mot budsjettkuttene: Aksjonsgruppa vart etablert 12. oktober, berre fem dagar etter at regjeringa la fram statsbudsjettet for 2027. Representantar frå Vofo, studieforbunda og medlemsorganisasjonane samarbeider om politisk påverknad, informasjonsdeling og mobilisering. Bildet er frå eit av gruppa sine møte. Foto: Kristin Myrmel


 
 
 

Kommentarer


bottom of page