top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Nyheiter

Polsen som tek tak og aldri slepper

for 8 timer siden
7 min lesing
– Det betyr mykje – Det betyr alt

Svaret kjem kjapt frå medlemmane i Røros folkedanslag når spørsmålet kjem om kva polsdans og levande musikk eigentleg betyr for dei.

For somme handlar det om dans.

For andre handlar det om mykje meir. Når folk køyrer fleire mil kvar veg, år etter år, og framleis møter opp med eit smil, seier det kanskje det meste om kva Røros folkedanslag betyr for dei som er med.


Nokre av medlemmane i laget Studieforbundet fekk ein prat med. Frå venstre: Heidi Tovmo, Svein Granøien, Gunhild Døhl, Isak Sandkjernan og Lusie Skott.
Nokre av medlemmane i laget Studieforbundet fekk ein prat med. Frå venstre: Heidi Tovmo, Svein Granøien, Gunhild Døhl, Isak Sandkjernan og Lusie Skott.

Røros folkedanslag er medlem i Noregs Ungdomslag og er eit aktivt lag med rundt hundre medlemmar. Mellom 40 og 50 av desse er ungdommar. Kvar måndag møtest ei god blanding av unge og eldre til dans, musikk og sosialt samvær og i fjor feira dei femtiårsjubileum.

– På øvingane er det alltid levande musikk. Det er ein viktig del av opplevinga for oss. Det betyr ikkje berre mykje, det betyr alt, seier dansarane samstemte.

Ulike spelemannslag og grupper frå området spelar kvar måndag til dans i Sangerhuset på Røros. Det er gjerne seks-sju lokale grupper involverte gjennom året og i fylgje medlemmane gjer levande musikk noko med stemninga og gjev eit heilt anna liv på dansegolvet.


Frå klasserom til martnasdans

Mange lag her til lands slit med rekruttering. På Røros har dei funne ein modell som har fungert gjennom mange år. Laget underviser i dans på 9. steg på skulen, og gulrota for dei som har lyst, er å få vera med og danse på opninga av sjølvaste Rørosmartnan.


Ungdom og vaksne i same polsdragsuget på martnasopning i 2019. Foto: Thor Hauknes.
Ungdom og vaksne i same polsdragsuget på martnasopning i 2019. Foto: Thor Hauknes.
– Det er vanlegvis 30-40 ungdommar som er med på opninga. For nokre blir dette møtet med folkedansen starten på noko meir, seier Lusie Skott, leiar i laget. – Kvart år blir nokon av dei nye med vidare, slik kjem det stadig nye ungdommar med. At så mange ungdommar blir verande, er vi spesielt stolte av.

I tillegg arrangerer folkedanslaget kurs to gonger i året. Eitt før martnan og eitt når haustsesongen startar. Der rekrutterer laget gjerne litt vaksnare folk enn skuleungdommane. Nyleg var det nokon som ikkje hadde dansa på førti år som bestemte seg for å begynne på att. Dei hadde lyst, prøvde seg på kurs, og nå er dei aktive i laget att. Slikt er både moro og stas!


Alle blir sett

I samtalen med medlemmane, kjem det tidleg fram at inkludering ikkje skjer tilfeldig i laget. På studietur frå Studieforbundet og fersk polsdansar, kan eg skrive under på at eg vart svært godt motteken i folkedanslaget. Spesielt godt motteken, faktisk. Eg vart gripen tak i og «kom bli med, eg skal vise deg.»


Inkludering skjer ikkje berre av seg sjølv, i fylgje medlemmane.

– Vi er bevisste på det, seier Heidi Tovmo, erfaren dansar og eldsjel i laget. – Vi er fire personar som sit i leikrådet og vi fire har eit særskilt ansvar for å passe på når nye kjem inn i miljøet. Vi merkar oss når det kjem nye ein kveld, og da prøvar vi å sjå dei litt ekstra og ta oss litt ekstra av dei.

Mykje av dette skjer gjennom fellesdansane.

– Der rullerer du og dansar med alle. Slik blir du lettare husvarm. Vi trur det er veldig miljøskapande og noko av grunnen til at folk trivst og blir verande hos oss, seier Heidi.
– Det er alltid nokon som tek ansvar for at nye blir inviterte ut på golvet. Vi har nokre damer som er kjempeflinke til å ta med seg nye, enten det er damer eller karar, skyt Lusie inn.
Mykje inkludering skjer gjennom fellesdansane. Der rullerer du og alle dansar med alle.

Frå 15 til 89 år

På dansegolvet møtest generasjonane på ein måte som få andre arenaer kan tilby.

Den eldste aktive dansaren i laget er 89 år gamle Gunhild Døhl. Ho var og med og stifta laget i 1975. Og ikkje nok med det; ho er også aktiv i Røros Seniordans, som ho og var med og stifta den gruppa for rundt tjue år sidan. Snakk om kapasitet og eldsjel!


Den eldste aktive dansaren i laget, 89 år gamle Gunhild Døhl, i frisk svingom under opninga av Rørosmartnan i 2019. Foto: Thor Hauknes.
Den eldste aktive dansaren i laget, 89 år gamle Gunhild Døhl, i frisk svingom under opninga av Rørosmartnan i 2019. Foto: Thor Hauknes.

Den yngste aktive dansaren er 15 år gammal, Isak Sandkjernan. Han kom inn gjennom siste ungdomsskulekurset, var med på martnasopninga, og har vorte verande.


At unge og eldre finn seg til rette saman, verkar nesten sjølvsagt når ein høyrer medlemane fortelje.

– Vi blir ein storfamilie. Vi er nært knytte eigentleg. Når vi reiser på stemne og festivalar er vi støtt ei homogen gruppe. Alle saman kosar seg.
Yngst og eldst i Røros folkedanslag. Gunhild Døhl er aktiv dansar og svingar seg som ei ungsnyru i ein alder av 89 år. Isak Sandkjernan er 15 år og vart rekruttert på siste kurs i skulen. Han vart med vidare som aktiv dansar i laget.
Yngst og eldst i Røros folkedanslag. Gunhild Døhl er aktiv dansar og svingar seg som ei ungsnyru i ein alder av 89 år. Isak Sandkjernan er 15 år og vart rekruttert på siste kurs i skulen. Han vart med vidare som aktiv dansar i laget.

Ei historie frå ein kappleik i Trysil illustrerer noko av dette. Der var det ein gut på 12-13 år som deltok i konkurranse saman med ein på rundt 80.

– Det er litt stas for dei yngre gutane å be opp dei litt eldre damene, serdu, humrar Svein Granøien, ein anna aktiv, engasjert og erfaren polsdansar.

At all dans under Rørosmartnan er rusfri, blir også trekt fram som viktig. Slik det er plass til alle aldrar og alle blir inkluderte.


Polsen som tek tak og aldri slepper

Røros folkedanslag dansar mykje forskjellig. Dei dansar både reinlender, vals og andre folkedansar.

– Vi må nå gjera noko anna enn pols og, humrar dei.

Men det er ingen tvil om kva som står sterkast.

– Polsen er identiteten vår. Når vi dansar pols, slepper vi berre alt og er der. Det er som ein rus. Det er ingen dans som flyt så godt på golvet som polsen. Overgangane er mjuke, og du får flyten heile tida. Har du god musikk og ein god dansepartnar, så berre er du der. Dei som ikkje har prøvd det, veit nok ikkje heilt kva det er.

Forklaringa held fram:

– Heile greia med polsen er at du skal følgje golvet. Du skal ikkje vera så spretten. Slepp ned rævva, som eg sa til deg sist, ler Svein, og viser til underteikna som i god Gudbrandsdøl-stil bevega seg rundt i spretten masurkatakt dei fyrste polsrundene.

Dansen lokkar raskt fram smilet og latteren, men bak humoren ligg og ei djup kjensle for dansen.

– Du blir aldri lei. Det rullar og det rullar og det rullar så lenge det er musikk. Det er eit slags dragsug i polsen, seier Amund Granøien, ein ivirg ungdom i laget.

Polsen fangar på eit vis, og det fangar alle på same vis, gjennom heile aldersspennet, er medlemmane einige om.


Nesten 60 dansarar og Jansons på scena på Sangerhuset i Røros ein heilt vanleg måndag! Eitt av mange eksempel på korleis frivilligheita skapar inkluderande møteplassar for læring på tvers av generasjonar, og at frivilligheita fungerer! Film: Svanhild Ryen, Røros Folkedanslag.

Høgdepunkt gjennom året

Gjennom året har laget mange mål å øve mot. Rørosmartnan er kanskje den største. Samtidig er det ikkje berre ei festveke. Laget organiserer all dansen under martnan, så slik sett blir det for dei eit jobb- og dugnadsarrangement.

Eit anna høgdepunkt er Pols-VM i Vauldalen ved svenskegrensa første helga i oktober. Dit kan dei berre reise og kose seg.

I mai kjem Rørosleker, og både Landskappleiken og Landsfestivalen står på programmet for sommaren. Dermed har laget er mange høgdepunkt og mange knaggar å øve mot.

På spørsmål om dei gjer det bra i konkurransane, kjem svaret med ein liten latter.

– Jau, vi vil nå påstå det. Vi vann nå lagdansen på Landsfestivalen i Oppdal i 2025. Og dei kjenner oss i miljøet, for å seie det slik, seier Amund.

I tillegg feira laget jubileum i fjor. Det vart feira med ein kjempestor dansefest i Galåen.


Nokon reiser lengre enn langt

Kanskje er det engasjementet folk viser som best forklarer kva laget betyr.

Enkelte i laget køyrer langt kvar måndag. Nokon frå  Budalen og nokon frå Støren.

Svein køyrer rundt 20 mil tur-retur til kvar øving og Heidi køyrer rundt 24 mil kvar måndag. Og det har dei gjort i 25 år.

– Det seier vel litt om kor mykje dette betyr for oss, seier Heidi. – Sjølv om det kostar å køyre så langt, så gjev det og mykje.

Svein tenkjer seg om:

– Hadde eg ikkje hatt dansen, veit eg ikkje riktig. Kanskje eg hadde vore dau, humrar han.

Bak latteren er eit element av alvor og ingen verkar heilt usamd i bodskapen.


Berre å trø te

Dersom nokon vurderer å prøve folkedans for fyrste gong, er rådet enkelt.

– Det er berre å trø te, seier Svein. – Hopp i det.

Og dersom du som ny er redd for ikkje å få det til?

– Det går ratt berre to timar her, så har du polsen inne, ler Svein. – Er det nokon som strevar, så er vi tydelege, tek det sakte og får inn svikten og stegbruken. Da sit det ganske fort.

Eit dragsug som held folk fast

På ein vanleg måndagskveld er det gjerne 50-60 dansarar på golvet, i tillegg til spelemennene. Smila sit laust. Folk gliser rundt.

– Generelt ser du sjeldan nokon som er misfornøgde på golvet. Folk smiler og blir blidare og blidare utover kvelden. Hit kan du kome uansett kva du kan eller ikkje kan.

Du ser det på dansegolvet. Unge og eldre som dansar saman, fellesdansar der alle møter alle, og levande musikk som fyller rommet.

– Og når polsen tek tak, er alle berre ein del av det same dragsuget, seier Amund, son til Svein. Amund har fått polsen inn med morsmjølka, og har vore med på øving heilt sidan han sat i bæresele. – Det fangar oss på eit vis. Det fangar oss alle på same vis, uansett alder, avsluttar Amund.

Kanskje er det den beste forklaringa på kvifor folk stadig kjem tilbake. Til måndagskveldane. Til musikken. Til fellesskapet.


Tekst og øvrige bilde: Torunn Elise Kveen




 
 
 

Kommentarer


bottom of page