top of page

Nyheiter

Gladnyheit til alle som arrangerer Åpent for alle-kurs!


Alle som vel å arrangere Åpent for alle-kurs i 2022 skal få ekstra kr 1 000,- per kurs!

Dette er som ein bonus for at dei gjer kursa sine til ein lystbetont arena der inkludering og språktrening står i fokus.


Bonusen på kr 1 000,-kjem sjølvsagt i tillegg til timesats og tilretteleggingsstønad.



Dei som held slike kurs har skjønt at mangfald er spennande, berikande og ikkje minst svært viktig. Studieforbundet kultur og tradisjon set pris på at laga brukar allereie eksisterande aktivitet som ein reiskap for språkstyrking, samt tilbyr eit fellesskap å vera del av, og vil påskjønne med eit ekstra kronebeløp.


Vi håpar at dette kan vera motiverande også for andre lag!


270 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page