Velkommen til Kursportalen

Her søkjer du kurstilskot og rapporterer kurs.
Meir informasjon om lover og reglar for kursstøtte

Logg inn i Kursportalen

Innloggingen skjer via ID porten (den samme du bruker til mellom anna nettbank og Altinn), trygg innlogging som sikrar at ikkje personopplysningar kjem på avveie.

Alt skjer inne i Kursportalen.

De søkjer og får svar, anna kommunikasjon mellom søkjar og saksbehandlar, rapporterer og registrerer frammøte, og de får melding om rapporten er godkjent og om utbetaling. De treng ikkje å sende noko papir eller epost.

De bestemmer kven som skal få tilgang.

Den fyrste som loggar seg inn frå kvart lag blir godkjent av oss. Vil de ha fleire brukarar, godkjenner den fyrste brukaren dei andre i den lille menyen som opnar seg når du trykker på namnet ditt øvst i høgre hjørne inne i Kursportalen.

Brukarrettleiing

Her finn de brukarrettleiingar. Tips og råd er og å finne inne i portalen. Kom gjerne med attendemeldingar, og kontakt oss om dere lurer på noe eller står fast.
Brukarrettleiing innlogging
Brukarrettleiing søknad
Brukarrettleiing rapport

Opplæringsfilmar

Opprette brukar/administrere brukar
Korleis søke
Korleis rapportere

Frammøteskjema

Frammøte skal førast rett inn i kursportalen. Det skal ikke lenger sendast til Studieforbundet. Frammøteskjema kan framleis skrivast ut for å notere undervegs i kurset på statistikksida Leit opp kurset ditt og trykk på "i"
Les meir

Personvern

Den nye Kursportalen ber om samtykke i personvernregler. Dere får eget "rom" i Kursportalen og det er bare dere i laget deres og vi på kontoret til Studieforbundet som ser deltakarlistene.
Personvern i Studieforbundet kultur og tradisjon