Årsmøte i Studieforbundet: fellesskap, fag og viktige samtalar
- for 2 minutter siden
- 2 min lesing
Korleis held vi oppe engasjement, deltaking og læring i ei tid med nye forventningar til frivilligheita? Det var eitt av spørsmåla som låg som bakteppe då Studieforbundet samla medlemsorganisasjonane til årsmøte på Håndverkeren i Oslo. Her vart formelle vedtak kombinert med faglege innlegg, gode diskusjonar, og, ikkje minst, premiere på ny inkluderingsfilm.
Frå årsmelding til framtidsblikk
Årsmøtet vart opna av styreleiar Magni Hjertenes Flyum, med tilbakeblikk på året som har gått og tankar om vegen vidare. Dei faste årsmøtesakene stod sentralt: årsmelding, rekneskap og budsjett vart behandla og vedtekne.
Fire medlemsorganisasjonar presenterte seg for resten av forsamlinga: Norsk Forening for Fartøyvern, Norske historiske spel, Norges Husflidslag og Norges Bygdekvinnelag. Presentasjonane synte i praksis den store breidda i Studieforbundet.
Aktiv deltaking og nye perspektiv
Gjennom gruppeaktivitetar fekk deltakarane arbeide med aktuelle tema. Human-Etisk Forbund løfta fram rolla frivillig sektor spelar i totalforsvaret, medan Frivillighet Norge tok opp korleis ein kan arbeide konkret med mangfald og inkludering i kurs.

Folkeopplysning i ei uroleg tid
Generalsekretær i Voksenopplæringsforbundet, Stian Juell, løfta fram kjernen i arbeidet: – Menneske som møtest for å lære saman, skaper både kompetanse og tilhøyrsle.
Han peika òg på utfordringane framover, og behovet for å stå samla: – I tida som kjem må vi vere merksame og delta i diskusjonane. Ikkje alt som tel, kan teljast i eit rekneark.
Innlegg frå organisasjonar og samarbeidspartnarar sette vidare fokus på demokrati, deltaking og kunnskap som motkraft i ei tid med auka polarisering og desinformasjon.
Tradisjonar må brukast for å leve
Stortingsrepresentant Haagen Poppe (H) understreka betydninga av arbeidet i frivillig sektor og løfta fram kultur, tradisjonar og frivillig innsats som berebjelkar i samfunnet: – Tradisjonar toler ikkje å bli sett på pause. Dei må brukast for å bevarast.
Årsmøtet fekk òg helsingar frå mellom anna Kulturalliansen, som løfta fram arbeidet for betre tilgang til kulturaktivitetar og kurs for alle aldersgrupper.
Nye og attvalde krefter
Årsmøtet valde eit styre som kombinerer kontinuitet med nye impulsar. Magni Hjertenes Flyum held fram som leiar, medan Agathe Askeland Lauvdal kjem inn som ny nestleiar.
Styret etter årsmøtet:
Leiar: Magni Hjertenes Flyum, Noregs Ungdomslag
Nestleiar: Agathe Askeland Lauvdal, Norges Husflidslag
Styremedlemmar:
Hege Winje, Human-Etisk Forbund
Elin Rise, Frilynt Norge
Marit Mørtsell, Forbundet KYSTEN
Einar Raastad, Forbundet for Norske Museumsvenner
Signe Marie Kittelsaa, Folkeakademienes Landsforbund
Varamedlemmar:
Tommy Livsin, Vikinger i Vestfold og Telemark
Margery Ann Sitkin, Knipleforeningen i Norge
Juliane Husvik Sukkestad, Norske Historiske Spel
Solveig Torgersen Grinder vart takka av for innsatsen sin i styret gjennom mange år.


Eit sterkt fellesskap
Årsmøtet synte tydeleg krafta i fellesskapen i Studieforbundet. Medlemsorganisasjonane representerer både tradisjon, fornying og eit stort mangfald av aktivitetar – men felles er ønsket om å skape møteplassar for læring og deltaking.
Gjennom heile dagen gjekk det att: Det handlar om menneske som møtest – og som lærer saman.




Kommentarer