top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Vi må møtast! Nordisk Folkbildarforum 2025

  • torunn92
  • 23. sep.
  • 3 min lesing

Oppdatert: 26. sep.

Korleis kan folkebildning/folkopplysing bidra i tider med klimautfordringar, sosial polarisering og behovet for større demokratisk deltaking?

Nordisk Folkbildarforum 16.18. september var i år arrangert i Vågå og på Dovre, denne gongen under temaet Bærekraftig samfunnsutvikling og demokratibygging. Forumet tok for seg rolla folkeopplysing spelar i å styrke både demokratiske prosessar og berekraftige samfunn. Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerte seminaret i samarbeid med Senterpartiets studieforbund, Voksenopplæringsforbundet (Vofo), Föreningen för Folkbildningsforskning og Förbundet Nordisk Vuxenupplysning (FNV).

Vi berre må møtast! Her treff ein danske ein annan danske på Hjerleid Handverksskole. Vi let oss engasjere av faget vårt, slik som blide Bjørg Schultz i Vågå Husflidslag, vi let oss engasjere av kulturminna våre slikt som kyrkjene og mektig orgelspel, og vi dannar gode relasjonar og diskusjonar saman, i lag.

Vi møtast!

Forumet var ein arena for å drøfte og dele erfaringar om korleis folkeopplysing kan bidra i tider med klimautfordringar, sosial polarisering og behovet for større demokratisk deltaking. Programmet romma både føredrag, praktiske døme og refleksjonar rundt motstandskraft, frivilligheit, beredskap fysisk og mentalt, lokal samfunnsutvikling, og leia oss til vakre kulturmøte.

Nokre av hovudtema og sesjonar:

  • Øivind Varkøy (Noregs musikkhøgskole) innleidde om Folkeopplysing og tyding for demokrati og kulturliv, og peikte på korleis kultur og utdanning er sentrale byggesteinar for demokratiske samfunn og danning av mennesket.

  • Motstandskraft og mørketid, med Stian Juell (Vofo), tok opp korleis folkeopplysing kan vera med på å halde oppe håp og handlingsrom i krevjande tider.

  • Praktiske prosjekt som Holdbart (Norges Husflidslag), Mental beredskap (Folkeakademienes Landsforbund) og Nøysom (Noregs Bygdekvinnelag) synte korleis organisasjonar arbeider konkret med miljøvenlege val, berekraftig bruk av ressursar, gjenbruk og å skape møteplassar som fremjar berekraft og inkludering.

  • Tema som demokratisk læring, det frivillige si rolle, og korleis folkeopplysing kan styrke lokal deltaking og samfunnsengasjement vart drøfta, både gjennom forskingsinnlegget til Thomas Myksvoll frå NORCE og lokale aktørar.

ree

Vakre kulturmøte

Våre nordiske samarbeidspartar fekk møte av indrefileten i Vågå og på Dovre. Dei fekk omvising i Galleri Ullinsvin og fekk treffe Vågå Husflidslag og sjå kva aktivitetar dei held på med i gamle prestegarden Ullinsvin i Vågå. Dei fekk presentert av Norge ypparste folkemusikk og felespel gjennom det unge gründerparet i Melovitten, Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde, som også fortalde om korleis gjera musikken sin til levebrød. Vi var på Dovre og fekk sjå kva dei har av tilbod på Hjerleid Handeverksskole og fleire spennande handverksbedrifter på campus.

Det var bispevisitas i Vågåbygda desse dagane og dermed og besøk av kyrkjemusikarar knytt til dette. Vågåkyrkja er vakker og imponerande, Alf Hulbækmo løfta kyrkja eit ekstra knepp med mektig orgelframføring av eigenkomponert Vågåmelodi til oss.

Norden fekk og sjå Gammel-Kleppe Kulturarvhotell, med omvising i den snart ferdige Munch-låven Munchely og nydeleg, kortreist, og endatil ureist, mat.

Besøket på Hjerleid Handverksskole på Dovre gjorde inntrykk. Å halde på handverkskunnskapen i samfunnet er nok viktigare for beredskap og i eit berekraftperspektiv enn vi er bevisste på i det daglege.

Kvifor er dette viktig?

Folkeopplysing er meir enn berre kurs og kulturaktivitetar. Folkeopplysing er og ein nøkkel til å møte både miljø- og demokratiutfordringar. I ei tid med global oppvarming, aukande samfunnspolarisering og spørsmål rundt tillit til institusjonar, får vi ved samankomstar som dette ny innsikt korleis demokrati ikkje berre krev gode lover, men også levande lokalsamfunn der folk deltek, lærer og tek styrande roller. Folkeopplysing, med sine møteplassar og evne til å aktivere folk på grasrotnivå, kan vera med på å byggje nettopp den motstandskrafta vi treng. Folkeopplysing har og eit stort potensial som drivkraft i arbeidet for berekraftige samfunn og inkluderande demokrati.

Forumet peikte på at vi må kombinere teori og refleksjon med praktisk handling – det vera seg idear om gjenbruk, mental beredskap eller lokale gründerar som skapar verksemd i distrikta.

Det var veldig kjekt å bygge seminaret rundt den opplæringa som blir drive i Noreg, og å få vise frå Vågå, Hjerleid og Norddalen. Vi vil rette ein stor takk til lokale og nordiske sponsorar og til alle som kom, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø.

Vi må møtast! Ikkje noko nettmøte eller aldri så mange e-postar kan fullt og heilt erstatte mellommenneskeleg møte. Dette nordiske treffet mellom studieforbund gav inspirasjon og nettverk for organisasjonane som på ulike vis deltok, for forskings- og utdanningsistituasjonane, for kommunar og ikkje minst einskildpersonar som ønskjer å bidra til samfunnsforbetring. Vi har tru på at erfaringane herfrå vil brukast til å forme framtidige tilbod, gje støtte til prosjekt og oppmuntre til deltaking i demokratiske og berekraftige prosessar over heile landet og Norden.

Kommentarer

bottom of page