Studieforbundet kultur og tradisjon tek seg fart, satsar og tilset vår eigen inkluderingsminister. Vi skal bli opne for alle, absolutt alle – til det treng vi Kristin.
Studieforbundet har eit spennande prosjekt gåande vi kallar Åpent for alle, som ei vidareføring og utvikling av arbeidet og prosjektet «På norsk». Med Åpent for alle har vi som mål over eit treårsløp å halde 120 kurs rundt om i Norge, der vi legg oss ekstra i selen for å bli enda meir opne og inkluderande, få kursa enda meir relevante og lågterskel nok til å få med deltakarar som er ganske nye i Norge og med språket vi brukar. Vi ynskjer å kunne bidra med mellom anna relevant språktrening, kulturforståing, eit fellesskap å vera del av og tilbod om eit nettverk å høyre til.
Ei så viktig oppgåve kan ikkje gjerast med eine handa på ryggen. Vi har difor tilsett Kristin Teigen Stasviken i ei aldeles sprellande fersk prosjektstilling. Kristin kjem frå læraryrket med klasserom og elevar, og har slik solid erfaring med læring og formidling. Nå står ho i dobbel forstand framom ei spennande reise i Studieforbundet sine fagområde og medlemsorganisasjonar. Heilt blank på kultur- og tradisjonsfag er ho absolutt ikkje, med fele i den eine handa og sneiser i den andre. Mykje spennande og nytt blir det likevel, når ho nå har teke fatt på ei innhaldsrik rundreise i Studieforbundet sine medlemsorganisasjonar og lokallag for å gjera seg kjend, og bli kjend. Ho er spent på mottakinga i organisasjonane:
Eg er spent på korleis denne satsinga blir teke i mot av lokallaga der ute. Eg håpar å møte engasjement for at mangfald er spennande, og at vi felles har eit ansvar for at alle skal få høyre til. Det er viktig for oss å skape interesse og engasjement for at tradisjonar, til dømes eit handverk, skal formidlast vidare til alle som er interessert og har lyst til å lære. Eg har hatt fleire spennande møte med leiarar i ymse lag og foreiningar som er komne langt, med denne typen arbeid, og det skal bli svært spennande å følgje dei vidare. Jobben blir å få fleire på banen, syne fram alt det gode arbeidet som er gjort og resultata som er oppnådd, for så å overtyde andre om kor viktig dette er. Eg ser fram til å treffe fleire som har erfaringar frå feltet dei vil dele, gjerne både på godt og vondt, eller folk som ønskjer tips og råd om korleis dei kan jobbe for å auke det inkluderande arbeidet sitt, seier Kristin.
Om Åpent for alle
Tiltaket vil vera ei vidareføring og utvikling av eit treårig prosjektarbeid «På norsk» som Studieforbundet har utvikla med støtte frå IMDI. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, leksehjelp, manusutarbeiding, med meir.
– Vi har ambisjonar om å gradvis auke andelen inkluderingskurs frå 30 kurs fyrste året, så 40, og til 50 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Dette skal vera lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vera hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre, seier nytilsett prosjektleiar Kristin Teigen Stasviken. – Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære og danne nettverk, inkludering, ikkje «berre» integrering. Vi samarbeider også tett med Bygdekvinnelaget, ein av medlemsorganisasjonane våre, og haustar gode erfaringar frå deira prosjekt «Kvinner ut».
Foto: Lars Erik Kolden
Varig inkludering er krevjande, tek tid, og dei lokale arrangørane treng bistand, motivasjon, opplegg og ikkje minst pengar. Økonomiske midlar utløyser frivillig innsats. Arbeidet vil gå føre seg i tett samarbeid med kommunen og flyktningtenesta, der Studieforbundet vil initiere møter, hjelpe til med rekruttering og motivasjon. Dette med det mål å skape meirverdi, danne nettverk og inspirere til lokalt samarbeid.
Studieforbundet er godt i gang med gode På norsk-kurs innanfor ulike fag og tema og har nådd breitt i samarbeid med fleire av medlemsorganisasjonane våre. Dette er eit godt grunnlag for vidare utvikling. Men inkludering tek tid, og dei lokale arrangørane treng framleis bistand, motivasjon, opplegg og ikkje minst pengar. Covid-19 har gjort at mange har lagt arbeidet sitt på is, og ein ekstra motivasjon og eit arbeid trengs for å få med desse vidare. Det trengs finansiering utanfrå for å få dette til. Vi har ei brei vifte av medlemmar og når mange interessefelt og sjikt av samfunnet. Kursa i lokallaget er lågterskel, og eit slik arbeid vil kunne nå, engasjere og utvikle mange nye nordmenn både innan språk, samfunnskunnskap og gje dei sterke sosiale nettverk å sjølve jobbe vidare innanfor.
Foto: Even Lusæter, NRK
Norges Husflidslag er ein av Studieforbundets største medlemsorganisasjonar, og truleg den organisasjonen som vil halde flest av våre framtidige inkluderingskurs. Husflidslaget held ei mengde kurs kvart år, i alle organisasjonens fagområde. Dei har i årevis allereie hatt målretta arbeid og kampanjar gåande for berekraftig verksemd og produksjon, samt miljøvennlege og haldbare produkt. Til dømes gjenbruk og reparasjon av utstyr og klede og val av berekraftige materiale. Vi har elles medlemsorganisasjonar som jobbar spesielt med kulturminnevern, naturvern, naturbruk, mat og matkultur, og vi har organisasjonar som jobbar med språk og kulturopplæring som motiverer fleire til å fullføre utdanning og senke terskelen for å kome seg ut i arbeidslivet. Økt deltaking på kurs gjev ringverknadar som auka engasjement, større deltaking i samfunnet og slik også økt deltaking i demokratiet.
Comments