top of page

Nyheiter

Verdal Teaterlag


Gratulerer som Månadens frivillig hjå oss, Verdal Teaterlag!


Verdal Teaterlag har halde på lenge. 11. oktober 1968 vart laget stifta, og starta, som dei fleste, i det små, med ti personar som saman med initiativtakar Odd Westby gjerne ville sette opp eventyr. 4. juledag 1968 presenterte dei Veslefrikk med fela som det fyrste teaterstykket i Verdal Teaterlag.


Foto: Verdal Teaterlag, frå teaterlagets nettside.


Teaterlaget har gradvis vakse, både i medlemstal og i produksjonar. Det har nå 300 betalande medlemmar og er eitt av landets største teaterlag. Sidan oppstarten har dei gjennomført over 100 små og store produksjonar, med «Bør Børson jr», «Annie», «Vinsjan på kaia», «Levva Livet», Jubileumsframsyninga «Kjendishotellet Soria Moria», «Reisen til Julestjernen» og nå «Optimist - Bli bra igjen» som eksempel på dei største produksjonene dei siste åra.



Verdal Teaterlag samarbeider mellom anna med Styggdalsnemda (paraplyorganisasjon for alle amatørteaterlag i Verdal), Turnéteateret i Trøndelag og Stiklestad Nasjonale Kultursenter (Spelet om Heilag Olav). Verdal Teaterlag rekrutterer aktørar til Spelet, både amatør-rollene, gardsfolk/dansarar og gardsbarn. Teaterlaget har hatt denne oppgåva sidan laget vart stifta i 1968.


Spelet om Heilag Olav

I fylgje leiaren, Per Anders Folladal, vart teaterlaget stifta nettopp mykje for å levere gode amatørar til Spelet om heilag Olav. «Symbiosen er vinn-vinn. Vi tilfører kvalitet, og spelet bidreg med profesjonalitet og store opplevingar. Samarbeidet er lagt opp slik at vi gjennomfører utval/audition for barn, unge, dansarar, og amatørroller», seier Folladal.





Nordens største friluftsteater blir arrangert årleg under Olsokdagane på Stiklestad i slutten av juli, på sjølve slagstaden, Stiklestad. Der falt Olav Haraldsson i 1030. Det skjer i eit miljø og med ei ramme som berre natur, historie og dyktige aktørar kan skape. Om lag 700 personar er involvert i og omkring framsyninga. Profesjonelle skodespelarar står på scenen saman med amatørar. Orkesteret er også samansett av profesjonelle og amatørar. Andre aktørar er kor, statistar og eit stort frivillig apparat


Foto: Per Anders Folladal, klipt frå teaterlagets nettside.


"Min ambisjon er at Verdal Teaterlag skal opplevast som det beste amatørteatermiljøet i landet, enten du er aktør, støttespelar, profesjonell eller publikum", sa Per Anders Folladal, da han vart leiar i teaterlaget i 2017. I dag, fem år seinare, har han ikkje skifta meining: «Interessen for teater, song og musikk er aukende. Verdal Teaterlag veks fordi vi har mange fine produksjonar som involverer stort og smått, frå profesjonelle, gode talent, og folk som berre synest at teater er artig og ein fin sosial arena. I tillegg har vi mange frivillige, eit profesjonelt produksjonsapparat, og eit stort og trufast publikum vidt omkring.

Teaterlaget har kvalitet i alle ledd. Aktørane på scenen, dei mange frivillige i rundt, produksjonsapparatet, og eit stort publikumspotensiale. Dei brukar som regel profesjonelle på regi, koreografi, scenografi, musikk, lys & lyd.

«Teateret er så stort og viktig i Trøndelag, fordi vi kan det vi held på med, og har opparbeida eit godt omdømme. Vi har kontinuitet og engasjerte kulturbærarar i laget,» avsluttar Folladal.


Alle bilete som er brukt har vi knabba frå lagets facebookside.



98 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page