Tekstilkultur 1
- 6. mars
- 1 min lesing
Oppdatert: 23. mars
Nå er Tekstilkultur 1 og 2 vorte gratisstudium og teke inn i porteføljen til Høgskulen på Vestlandet!
Dette er ei samlingsbasert vidareutdanning på bachelornivå for deg som ønskjer å fordjupe deg i tekstil. Det passar til studentar, lærarar, tilsette ved museum, kunstnarar og handverkarar. Søknadsfrist 15. april.

Kvifor studere tekstilkultur?
Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk Kulturakademi og Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. I studiet får du kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar og å plassere teknikkane både i ein kulturhistorisk og ein samtidsmessig kontekst.
Kurset blir gjennomført med atterhald om tilstrekkelig mange studentar.
Kva lærer du?
Studiet tek for seg den teoretiske og praktiske delen av tekstilfaget.
Tekstilkultur handlar om tekstilfaget i fortid og nåtid. Det tek for seg den teoretiske og den praktiske delen av tekstilfaget, både det tradisjonelle og det samtidsaktuelle, det handverksmessige og kulturhistoriske, samt referansar til utvalde samtidsaktuelle kunstuttrykk innanfor tekstil.
I dag har handverksteknikkane innanfor tekstilfeltet fått fornya aktualitet som følge av miljømessige og berekraftige problemstillinger. Det er eit stadig aukende forbruk av tekstile materialar. Dette perspektivet vil aktualiserast gjennom teoretisk og praktisk arbeid i emnet.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot alle som arbeider med, eller treng kunnskap om tekstilfag, som for eksempel studentar ved universitet og høgskular, lærarar i alle skuleslag, tilsette i museum og offentleg kulturadministrasjon, kunstnarar, handverkarar og andre.



Kommentarer