Studer folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst på Rauland
Universitetet i Sørøst-Norge (USN) på Rauland tilbyr fleire enkeltemne innan folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst. Emna er relevante for deg som arbeider med eller for folkemusikk, folkedans eller tradisjonskunst, for lærarar og kulturskulelærarar, eller for andre interesserte som ønskjer fagleg påfyll og fordjuping.

Akkurat nå er det mogleg å søkje på tre enkeltemne med søknadsfrist 15. november:
Folkedans 2: Tradisjon, bevegelse og musikkanalyse (15 studiepoeng)
Folkemusikk- og folkedansmetodikk (15 studiepoeng)
Tradisjonskunst, handverk og fagdidaktikk (15 studiepoeng)
Tilboda kan vera særleg interessante for medlemmar og samarbeidspartnarar i Studieforbundet kultur og tradisjon. Vi håpar derfor at de både vurderer tilboda sjølve og hjelper til med å spreie informasjonen vidare i eigne nettverk.
Les meir om emna, opptakskrav og søknadsfristar på USN sine nettsider:




Kommentarer