Sjiraffen, den rause kulturscena
- torunn92
- for 7 døgn siden
- 4 min lesing
«Det kjennes ut som hodet mitt har vokst, at hjernen min har blitt større i løpet av denne tiden. Jeg visste ikke at jeg kunne lære meg så mye nytt!»
Sjiraffen Kultur- og Kompetansesenter i Trondheim er ikkje berre ein organisasjon. Det er eit rom for moglegheiter. Her er scenekunst, musikk, kunst og læring samla i eitt – og midt i alt står menneska.

Meistring i fellesskap
«Ute i samfunnet må vi jobbe hver dag for å passe inn, jeg må hele tiden tilpasse meg for å være en del av normalen. Men på innsiden av sjiraffen tilpasses livet for meg, så her kan jeg bare være meg selv.» Ingerid Trætteberg, aktør og kulturmedarbeider i arbeidsfellesskapet Sjiraffen.
Sjiraffen er eit kultur- og kompetansesenter som legg til rette for at barn, ungdom og vaksne med kognitive funksjonsvariasjonar skal kunne delta aktivt i kultur og læring, på eigne premiss. Visjonen deira er tydeleg: meistring i fellesskap. Sjiraffen Kultur- og Kompetansesenter er medlem i Norsk Amatørteaterforbund, og gjennom Studieforbundet hadde dei i 2024 heile 49 kurs med 250 deltakarar, og i alt 4049 timar! Det står det respekt av!
Der læring møter kultur
Sjiraffen tilbyr eit mangfald av aktivitetar gjennom heile året. I kursa gjennom Studieforbundet finn vi eit mangfald og vidt spenn av fag og tema. Dei har kurs i til dømes teater, manus og tekst, song og musikk, dans, foto og film, maling, friluftsliv, dekorasjonar, tekstilkultur, lokalhistorie og demokrati. Her finst teatergrupper, band, kor og kunstverkstader. Nokon øver til ei framsyning, andre lagar scenografi eller jobbar med film og lyd. Nokon kjem for å lære noko nytt, andre for å uttrykkje seg eller ha ein trygg sosial møteplass. Deltakarane får opplæring på ein måte som gjev meining for dei som deltek. Undervisninga er praktisk, sosial og kreativ. Det kan vere alt frå rollespel og museumsbesøk, til å skape eigne prosjekt og produksjonar.
Samtidig fungerer Sjiraffen også som ein arbeidsplass for kulturmedarbeidarar med funksjonsvariasjonar. Gjennom tilrettelagd arbeid får deltakarane bidra til drift, produksjon og planlegging, slik blir kultur både jobb og uttrykk. Her handlar kultur ikkje berre om aktivitet, men om identitet og medverknad. Det handlar ikkje om å senke lista for å få folk over. Det handlar om å flytte lista – slik at alle kan vera med.

Kunnskap som blir til gjennom fellesskap
Sjiraffen er ein aktiv kursarrangør gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. Når eit kurs eller ei gruppe blir registrert gjennom Studieforbundet, får Sjiraffen både økonomisk støtte og ein formell struktur for læring. For deltakarane betyr dettte at dei får vera del av eit læringsfellesskap som blir tatt på alvor. For Sjiraffen betyr det at dei kan halde prisane nede og kvaliteten oppe – og dermed inkludere fleire. Dette samarbeidet bidreg til å skape kontinuitet og utvikling i opplæringa. I kursstatistikkane til Studieforbundet kjem Sjiraffen stadig att som ein av dei som tilbyr flest kurs innan tilrettelagt kulturarbeid i Trøndelag. Det viser at dei ikkje berre skapar kultur, men og bygger kompetanse.
– Jeg tenker at inkludering ikke handler om å få en stol og å være i et rom. Det handler om å få en reell stemme rundt bordet, og å bruke tid på å bygge relasjoner for å skape trygge rom slik at man finner stemmen sin. Dette skjer kun om man åpner opp og tenker at kunst og kultur – og læring går hånd i hånd, og om man er villig til å improvisere nye veier for å inkludere alle. Alle mennesker har en hjerne inne i hodet, og den hjernen trenger å stimuleres. Man må ha tro på at mennesker kan og ønsker å lære. Og kultur kan være veien til mye spennende læring, uavhengig av hvilken metodikk man må bruke for å komme seg i mål.
Dette seier Ragnhild Arntsen til oss, som dagleg leiar og teaterpedagog ved Sjiraffen Kultur- og kompetansesenter.
Slik held dei engasjementet levande
Det som gjer Sjiraffen sterk, er ikkje berre aktivitetane – men og måten dei blir til på.
Når deltakarane får påverke kva dei skal jobbe med, når ein idé frå ein deltakar kan utvikle seg til eit prosjekt, og når ei framsyning blir skapt saman – då skjer læringa i fellesskapet. Her har alle har noko å bidra med.
Ei framsyning kan ta månader å utvikle. Ein song kan krevje at nokon prøver og prøver til dei får det til. Men når det første applausbruset kjem frå salen, er det ingen tvil: meistringa er ekte.
Og kanskje viktigare enn alt det faglege – her får folk vener. Fellesskapet blir meir enn ein møteplass; det blir ein identitet.
Fellesskap. Deltaking. Glede.
I ei tid der mange fell utanfor, er Sjiraffen eit levande døme på kva som skjer når vi lykkast med å invitere inn: Fellesskap. Deltaking. Glede. Og kultur som løfter menneske.
Sjiraffen Kultur- og Kompetansesenter er eit bevis på at læring skjer best når vi lærer saman. Ved å kombinere kultur, opplæring og tilrettelagt deltaking, gir dei ein arena der menneske med kognitive funksjonsvariasjonar kan uttrykkje seg, lære og oppleve meistring. Studieforbundet er svært takksame for og stolte av å få ta del i arbeidet og opplæringa Sjiraffen gjer.





Kommentarer