top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Sest vi på Arendalsuka?

  • torunn92
  • 5. aug.
  • 2 min lesing

Oppdatert: 6. aug.

Om du er i, eller skal til, Arendal; vi er her i år att, og i bunad i år att.


Vel møtt til arrangementet vårt Bunaden, korleis er stoda i Noreg? måndag 11. august kl 14.30 i Frivilligteltet!

ree

Bunad nå! Status 2025

I desember 2024 vart «Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» innskriven på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Likevel kan vi ikkje lene oss attende og tenkje at da var det gjort. Det er snarare da arbeidet byrjar – for bunadtilverkarar, bunadbrukarar, for Noreg, for oss alle.


Innskrivinga fekk vi på grunn av vår breie og folkelege bruk, handverket som ligg bak og den store variasjonen av bunadstradisjonar over heile landet.


Det er utarbeidd ein rapport, Bunad nå! Status 2025 av Mette Vårdal om stoda for bunaden i Noreg. Der er sett på kven som produserer bunadar i Noreg, kva dei produserer, og korleis kunnskapsnivået er på fagfeltet. Rappporten er basert på ei Norstadsundersøking Norsk Institutt for bunad og folkedrakt har gjort, og i samarbeid med registrerte og kjende kjelder på fagfeltet.


Arendalsuka vil vi presentere rapporten og arrangere ei samtale med med initiativtakarane om korleis dei ser på utfordringane rapporten peikar på.


I panelet

Kjærsti Gangsø dagleg leiar, Studieforbundet kultur og tradisjon

Mette Vårdal Historikar, Kultivator

Camilla Rossing Leiar, Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Magni Hjertenes Flyum Generalsekretær, Noregs Ungdomslag

Magnhild Peggy Jones styremedlem, Norsk folkedraktforum

Ellen Krageberg Generalsekretær, Norges Husflidslag (debattleiar)


Andre arrangement

Vi deltek elles på fleire av arrangementa, enten i samarbeid med, eller som gjestar i panelet. Mellom anna vil de finne oss på:

Vofo sitt arrangement Hvordan kan frivillige organisasjoner skape bedre livskvalitet gjennom livslang læring?' Der er vår daglege leiar, Kjærsti Gangsø, i panelet.


Kulturvernforbundet og Fortidsminneforeningen sitt arrangement Hvem eier kulturarven?. Der er Kjærsti Gangsø ordstyrar.



Vel møtt!

 
 
 

Comments


bottom of page