top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Pressemelding - tek partia utfordringa?

  • Torunn Elise Kveen
  • 4. sep. 2025
  • 1 min lesing

Historias fyrste kulturfrivilligheitsstrategi vart lansert i april 2023. Strategien har betydd mykje for utviklinga på feltet, og nå spør eit samla felt om politikarane planlegg å vidareføre satsinga i komande satsingsperiode.

Tek partia utfordringa?

Frå Fagdagar i bunad og folkedrakt 2024.
Frå Fagdagar i bunad og folkedrakt 2024.

Kulturfrivilligheita er eit viktig politikkområde som røyrer ved over ein million av Norges befolkning - i alle aldrar, alle kommunar.


Regjeringa sin kulturfrivilligstrategi, Rom for deltaking, definerte kulturfrivilligheita som eit eige politikkområde og sette i gang eit treårig løft for feltet. Nå er status for strategien gjort opp, og eit samla felt ønskjer å gje ros for jobben som er gjort.


– Regjeringa utvikla strategien i dialog med det frivillige kulturfeltet og dette sikra ein treffsikker strategi med tiltak som adresserer dei faktiske utfordringane i feltet, seier dagleg leiar i Kulturalliansen, Marianne Ween.


Tiltaka i strategien er i all hovudsak følgde opp, men det står framleis att ein god del viktig arbeid. Utfordringar som framleis treng både politisk handlekraft og konkrete tiltak, er mellom anna opne, føreseielege og rettferdige tilskotsordningar og tilgang til eigna lokale for det frivillige feltet.


Det frivillige kulturfeltet bidreg til meistring og fellesskap, glede og opplevingar og er ein umisteleg verdi for samfunnet som heilheit. Det frivillige kulturfeltet ønskjer difor ein oppfølgingsplan i komande stortingsperiode, og nåverande politiske leiing i Kultur- og likestillingsdepartementet er open for vidare dialog med feltet.


– Medverknad er avgjerande for å lykkast, og vi utfordrar alle politiske parti til å følgje opp den nåverande regjeringa si satsing på det frivillige kulturfeltet uavhengig av valresultatet, avsluttar Ween. Foto: Kulturalliansen
– Medverknad er avgjerande for å lykkast, og vi utfordrar alle politiske parti til å følgje opp den nåverande regjeringa si satsing på det frivillige kulturfeltet uavhengig av valresultatet, avsluttar Ween. Foto: Kulturalliansen


 
 
 

Kommentarer


bottom of page