Og kven vart årets ÆresBøhrre?
- torunn92
- 19. sep. 2025
- 3 min lesing
Oppdatert: 24. sep. 2025
"Ho stiller alltid opp for ulike lag og organisasjonar med inspirasjon og entusiasme, og ho strekker seg alltid litt lengre for å støtte både folk, lag og organisasjonar."
ÆresBøhrre Teaterdagane 2025 går til (trommevirvel ...) VÅR EIGA KJÆRSTI GANGSØ!
"Jeg er ydmyk og rørt over begrunnelsen. Veldig hyggelig at de ser at jeg gjør en innsats også for dem. Stor stas rett og slett", meldar Kjærsti frå prisutdelinga.
Av og til deler styret i Norsk Amatørteaterforbund ut ein ÆresBøhrre. Dette skjer under dei årlege Teaterdagene på Lillehammer, til ein person som har utmerkt seg særleg for NATF, medlemmane deira og resten av det frivillige kulturfeltet i Noreg. Dette er personar som kanskje ikkje blir oppdaga av medlemmane i laga, men som samarbeidande organisasjonar legg merke til.
Norsk Amatørteaterforbund grunngjev tildelinga slik:
Kjærsti har eit svært allsidig og brennande engasjement, med fleire verv og eit stort kulturengasjement som famnar vidt. Ho stiller alltid opp for ulike lag og organisasjonar med inspirasjon og entusiasme, og ho strekker seg alltid litte lengre for å støtte både folk, lag og organisasjonar.
Kjærsti er alltid imøtekomande når vi eller medlemmene tek kontakt, og det finst aldri eit problem som ikkje kan løysast. Det er sjeldan ein opplever så stor velvilje, og vi kjenner alltid at ho vil oss og medlemmene våre det beste. Ho gjev inntrykk av at vi betyr mykje, at den aktiviteten vi driv med er viktig. Det gjeld òg for medlemslaga våre.
Ho har eit verdisyn som kjem tydeleg til uttrykk gjennom alt ho gjer, både i møte med oss som organisasjon og medlemmene våre. Det gjer ho ved å sjå på alle aktivitetar og uttrykk som like verdifulle, og ho kjempar alltid like sterkt for alle.

Kjersti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon, er ein skikkeleg ringrev som alltid følgjer med, held seg oppdatert og hjelper oss med å formulere gode høyringssvar slik at ordningane blir best for alle. Med di faglege tyngd, kloke hovud og gode hjarte er det ikkje rart at mange ser til deg når vi treng råd, rettleiing eller berre eit lyttande øyre.
Vi er djupt takksame for alt du har bistått med, kjempa fram og heia på. Det er slike som deg som får den frivillige kulturfeltet i Noreg til å leve og levere!


Vi vil også gratulere årets æres-Bøhrre, som blei Kjærsti Gangsø i Studieforbundet kultur og tradisjon. Ho får æresprisen mellom anna for sitt allsidige og brennande engasjement.
Gratulerer så mykje også frå Studieforbundet, Kjærsti – vi har visst det lenge! Vi kjenner godt att karakteristikkane NATF har gjeve deg, og dette er deg vel unt og vel fortent.





Kommentarer