top of page

Nyheiter

Nytt Lederprogrammet 2024

Oppdatert: 12. okt. 2023

Løp og søk!

Med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, køyrer Studieforbundet nå ei ny runde med Lederprogrammet i samarbeid med stiftinga Fundatum. Programmet er for deg som er aktiv i ein av Studieforbundet sine medlemsorganisasjonar, enten som frivillig, eller som tilsett. Vi ønskjer å tilby Lederprogrammet for å løfte både nåverande og framtidige leiarar innanfor organisasjonen.


Lederprogrammet er eit kursopplegg for deg som vil nå litt lengre, både for deg sjølv og organisasjonen din. Programmet gjev deg viktige verktøy og kunnskap for å utvikle deg både som menneske og i dei ulike rollene du har og er eit fordjupingskurs beståande av tre fysiske samlingar med temaa identitet, gruppeleiing, karakterstyrkar og utvikling/tydeleggjering av personlege mål og ambisjonar.





Det er plass til 20 deltakarar, og du pliktar å møte på alle tre samlingane dersom du kjem med i programmet. Den fyrste samlinga finn stad på Gardermoen 12.-14. januar 2024. Den andre samlinga er ei dagsamling i Oslo 24.februar 2024, og den siste samlinga er på Gardermoen 6.-7.april 2024. Det er ikkje noko ekstraarbeid utover samlingane.


Lederprogrammet har dyktige kurslærarar, og vil gjera det mogleg for deg å lære meir om deg sjølv, gje ny motivasjon og kompetanse, lære meir om å leie andre, og gje ei betre forståing for lagbygging og kommunikasjon.



Studieforbundet vil dekke det meste av kurskostnadane, altså reise, opphold og mat under kurset. Du som deltar, betaler ei avgift pr kr 2 000,- for heile programmet. Kanskje er dette noko organisasjonen din vil vera med å dekke?


For å delta, fyller du ut eit enkelt søknadsskjema, slik at vi blir litt betre kjent med deg. Søknadsfrist er 1.november 2023. Søk!


825 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page