Nytt frå Studieforbundet
- torunn92
- 11. sep. 2025
- 2 min lesing
Treng du kopiere noko til kurs? Lurar du på korleis det er med forsikring? Treng du av og til ny studieplan? Les deg nedover!

Kopiavtalen held fram
Det kan ofte vera aktuelt og nødvendig å kopiere frå bøker og trykksaker, eller frå digitale sider i eit lokallag når laget held kurs. Særleg er dette aktuelt i samband med kurs der ein treng å kopiere enkeltsider for å dele ut til kursdeltakarar. Gjennom medlemskap i Vofo har Studieforbundet kultur og tradisjon avtale med Kopinor om slik type kopiering. Studieforbundet hadde avtalen oppe til vurdering og fekk tydeleg attendemelding frå medlemsorganisasjonar om at ei slik avtale var heilt avgjerande for kursgjennomføring. Særleg gjaldt dette på dei fagområda der nødvendig trykt kursmateriell og lærebøker er mangelvare, som til dømes tradisjonshandverk, og kanskje særleg tekstile fag og teknikkar. Mangel på kopiavtale ville sette kursarrangørar i knipe. Studieforbundet har difor beslutta at avtalen med Kopinor held fram.
Forsikring av kurslærar
Alle lærarar med oppdragsavtale har yrkesskadeforsikring i ei felles forsikringsavtale. Forsikringa gjeld på kurs som får tilskot gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. Deltakarar på kurs må sjølve sørge for forsikring. Dersom det oppstår ein situasjon med behov, kontakt Studieforbundet.

Treng du studieplan?
Vi lagar til deg! Det oppstår heldigvis rett som det er at medlemsorganisasjonane vil ha kurs det ikkje har vore heilt maken til før. Da kan det vera at laga ikkje finn ein kursplan som passar heilt. Studieforbundet lagar fortløpande nye ved førespurnad. Ring oss eller send e-post der du fortel litt om kurset, kva du har tenkt om innhald, omfang, osv. Vi har også eit skjema du kan fylle ut og sende torunn@kulturogtradisjon.no.

På nettsida til Studieforbundet kan du søke i mange studieplanar. Passar ikkje dei du finn heilt, lagar vi raskt nye.




Kommentarer