top of page

Nyheiter

Lansering av kulturfrivilligheitstrategi og Kjærsti Gangsø som ny styreleiar

Vår daglege leiar, Kjærsti Gangsø, vart vald som styreleiar i Kulturalliansen. Kulturdepartementet og statssekretær Odin Adelsten Bohmann tok og turen for å presentere den rykande ferske kulturfrivilligheitstrategien. Strategien vart godt motteke, det kulturfrivillige feltet applauderte, viste stor glede og entusiasme over meldinga. Vi kjente oss endeleg høyrt på mange område.




Evaluering av deling av studieforbunda mellom departement

Fleire studieforbund under Kultur- og likestillingsdepartementet si ordning har saman med Voksenopplæringsforbundet (Vofo) gjeve innspel til strategien og og peikar på utfordringar som har oppstått etter deling av ordninga.



– Vi er svært glade for at Regjeringa vil ta sikte på å gjennomføre ei evaluering av delinga og ordninga. Vi hadde nok håpa at evalueringa kom raskere enn 2026, sidan ein del utilsikta hensikter skapar store utfordringar, sier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø, her saman med statssekretær Odin Adelsten Bohmann.


Gangsø har likevel håp om at det vil vere mogleg å løyse noko av det mest presserande mykje raskare gjennom politisk handtering og har tru på at Vofo sitt arbeid og kontakt med politisk nivå i departementet fører fram. Kjærsti Gangsø.

I tillegg til ei evaluering av delinga mellom departement, blir det frivillige kulturfeltet høyrt på område som betydinga av å styrke eksisterande, breie ordningar til drift og utvikling av organisasjonane og behovet for å gjennomgå og forenkle ei rekke tilskot.

Tilskotet til studieforbund skal gå til opplæring i regi av frivillige organisasjonar i heile landet og skal redusere opplæringskostnadar for deltakarane. Ein stor andel av kursverksemda på det frivillige kulturfeltet er knytt til estetiske fag og handverksfag, samt fag innanfor organisasjon og leiing. Årleg gjev ordninga støtte til om lag 45 000 kurs med nesten ein halv million deltakarar. Tilskotet består av eit grunntilskot til drift av Studieforbundet og fellesoppgåver, eit timebasert opplæringstilskot og eit tilretteleggingstilskot som skal bidra til å fjerne hindringar for deltakarar med særlege behov. Av fleire enn vårt studieforbund er tilskotet henta fram som ei forutsigbar grunnfinansiering av lokale lag sine aktivitetar og gjeve som innspel inn til strategiarbeidet.


Av gode tiltak på satsingsområde 1:

  • Utarbeide forslag til forskrift for fordeling av spelemidlar til kulturformål

  • Styrke tilskot til nasjonale musikkorganisasjonar

  • Styrke driftstilskotordninga og kartlegge amatørteaterfeltet

  • Styrke Kulturrom

  • Styrke desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg

  • Vidareutvikle den tverrdepartementale samordninga om frivilligheit på kulturarvfeltet

  • Evaluere delinga av studieforbundsordninga innan 2026


Kjærsti Gangsø er ny styreleiar i Kulturalliansen

Eg gler meg til å ta fatt på vervet og vera tettare på mellom anna det pågåande kartleggingsarbeidet for å få betre oversikt over kulturlokale over heile landet, seier Kjærsti Gangsø. – Det er ekstra hyggeleg at også Regjeringa ønskjer å å få betre oversikt over kulturlokale og slik vil auke tilskotet til Kulturalliansen sitt prosjekt for kartlegging på området, kommenterer Gangsø.


Dette seier strategien om kartleggingsarbeidet «Det er behov for å få et nasjonalt overblikk over hvilke lokaler som brukes til kulturformål. Hvem eier, hvem bruker, og er lokalene egnet til den bruken de har. Formålet er å bidra til at kommuner, fylkeskommuner og staten kan legge til rette for møteplasser som egner seg for kulturformål. Regjeringen ønsker å få bedre oversikt over kulturlokaler i hele landet, og vil gi økt tilskudd til Kulturalliansens prosjekt for kartlegging av lokaler. Kartleggingen vil bidra til å identifisere behovet for kulturlokaler, blant annet for å kunne planlegge for utvikling av egnede lokaler og styrke virkemiddelapparatet.»


«Rom for deltakelse» – Regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023 - 2025) kan lesast på Regjeringa si side her: Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) - regjeringen.no


43 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page