Kva blir gjort for å hindre budsjettkutta?
Oppdatert: 13. nov.
Onsdag 7. oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2027, med kutt på omlag 70 millionar kroner i løyving til studieforbunda. Det førte til rask mobilisering frå Vofo, studieforbunda og medlemsorganisasjonar.
Godt samarbeid
Arbeidet med å hindre at det foreslåtte kuttet til studieforbundsordninga blir ståande, har vorte eit svært viktig og omfattande arbeid for Studieforbundet denne hausten. Blir kuttet ståande, vil det få store konsekvensar for frivillig opplæring, kulturaktivitet og kompetansebygging over heile landet.
Berre fem dagar etter at forslag til statsbudsjettet vart lagt fram, vart det etablert ei felles aksjonsgruppe med representantar frå Voksenopplæringsforbundet (Vofo), studieforbunda og medlemsorganisasjonane. Gruppa har arbeidd med politisk påverknad, informasjonsdeling og mobilisering mot dei foreslåtte kutta
Saman med Vofo, medlemsorganisasjonar og lokallag har vi jobba for å synleggjera overfor politikarar, beslutningstakarar og det offentlege kva konsekvensar eit slikt kutt ville få. Gjennom sosiale medium, aviser og direkte kontakt med organisasjonane og politikarar har vi forsøkt synleggjera verdien av den læringa og aktiviteten som blir skapt gjennom studieforbundsordninga. Vi har løfta fram korleis ordninga bidreg til å halde oppe kulturarv, tradisjonar, skape møteplassar og styrkje frivilligheita i lokalsamfunn over heile landet.

Mange stemmer, same bodskap
Vi kalla raskt inn til digitalt medlemsmøte for å orientere om situasjonen, dele informasjon om det politiske arbeidet og mobilisere medlemsorganisasjonane til å delta i arbeidet. Med støtte frå Studieforbundet fekk organisasjonane verktøy og kunnskap til sjølve å synleggjera konsekvensane av kuttet overfor politikarar og media. Og vi har fått god drahjelp! Privatpersonar, lokallag, fylkeslag, organisasjonar, lokalpolitikarar og fylkespoltikkarar, ja endatil stortingspolitikarar har talt saka vår i aviser og sosiale medium, og ved forhandlingsbordet. Det er vi svært takksame for!
Mobiliseringa samlar eit breitt spekter av norsk frivilligheit. Til nå har over 140 organisasjonar stilt seg bak eit felles opprop mot kutta, og i løpet av fem veker har lokalaviser, regionaviser og andre medium publisert vel 210 artiklar og lesarinnlegg om kuttforslaget og konsekvensene for frivilligheita. Organisasjonane representerer mellom anna kultur, musikk, handverk, idrett, friluftsliv, helse og humanitært arbeid, og viser kor breitt studieforbundsordninga verkar i samfunnet.
Meir enn tal
Studieforbundet samarbeider tett med Vofo og dei andre studieforbunda. Saman arbeider vi for å skape merksemd om saka, påverke dei politiske prosessane og sikre forståing for den sentrale rolla studieforbunda spelar i frivillig sektor.
I møte med politikarar har vi lagt vekt på at studieforbundsordninga er meir enn dei kursa som blir gjennomførte. Ordninga gjer det mogleg å tilby rettleiing, kompetanse, administrasjon og system som frivillige organisasjonar er avhengige av for å kunne drive opplæring lokalt.
Vi er opptekne av å flytte merksemda frå tal i eit budsjett til menneska og aktivitetane bak tala. Bodskapen er tydeleg:
Kutta rammar ikkje først og fremst studieforbunda som administrasjonar, men dei mange tusen frivillige som kvart år deltek på kurs, lærer nye ferdigheiter, tek vare på kulturarven og skaper levande fellesskap i lokalmiljø over heile landet.

Vi må få takke budsjettpartnarane
Arbeidet for å reversere kutta har samla studieforbund og frivillige organisasjonar over heile landet. Og det har bore frukter.
Vi rettar ein stor takk til dei partia på Stortinget har lytta til reaksjonane frå frivilligheita. Senterpartiet, Rødt og MDG har foreslått å reversere kuttet til studieforbundene i sine alternative budsjett. Også SV har foreslått auka støtte til ordninga. Det viser at det finst politikarar som ser kva for verdi studieforbunda skapar kvar eineste dag.

I Vofo si sak kan du lese meir om aksjonsgruppa, oppropet med 140 organisasjonar og det politiske arbeidet som er gjort.
Og du kan lese om massiv mobilisering frå det frivillige, også på Vofo sine sider.





Kommentarer