top of page

Nyheiter

Kunne du tenkje deg Tekstilkultur 2?



Vestnorsk Kulturakademi og Høgskulen på Vestlandet startar opp Tekstilkultur 2. Denne byggjer på Tekstilkultur 1. Studiet tek for seg den immaterielle kulturarven, og ser på tekstil i ein nasjonal kulturvernsamanheng og i ein verdsarvsamanheng. Ved å undervise i tekstilkultur kan du som lærar såleis bidra til å bevare og fremme tradisjonelle handverksteknikkar og kunnskap.


Kva lærer du?

I studiet får du mellom anna kunnskap og praktisk erfaring med ulike tradisjonelle handverksteknikkar, samt med  å plassere teknikkane i ein kulturhistorisk og samtidsmessig kontekst.


Målgruppe

Denne vidareutdanninga passar for deg som er student, lærar, tilsett i museum, kunstnar eller handverkar.


Er du interessert?


203 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page