top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Knipleforeningen i Noreg - lita, men likevel så stor

  • torunn92
  • for 3 timer siden
  • 4 min lesing

Knipleforeningen i Noreg – kven er dei, kva driv dei med, kva gjer dei så spesielle – og korleis klarar dei, med eit relativt smalt fagfelt, likevel å skape eit landsdekkande fellesskap med digital inspirasjon og medlemsaktivitet?



Knipling, små trådar med store abisjonar. Møysommeleg arbeid, med vakkert resultat. Foto: Solveig Torgersen Grinder.
Knipling, små trådar med store abisjonar. Møysommeleg arbeid, med vakkert resultat. Foto: Solveig Torgersen Grinder.

 

Ei foreining tufta på tynne trådar og store ambisjonar

Knipling er ein teknikk som finst over heile verda. Mange dsitrikt har sine eigne variantar, ofte med namn etter staden dei kjem frå. Teknikken vart truleg importert frå utlandet til Noreg for fleire hundre år sidan, medan Knipleforeningen i Noreg vart etablert i 1996. Ved utgangen av mars 2023 hadde foreininga 185 medlemmar – ikkje ein masseorganisasjon, men eit tett og varmt fellesskap. Knipleforeninga har medlemmar over heile landet, men hovudtyngda bur på Austlandet og rundt Bergen. Det har det vore aktive miljø i mange år. Målet deira er enkelt og ope: dei vil vere ein møteplass for alle som kniplar, og håpar at enda fleire skal oppdage gleda ved handverket og teknikken. Knipleforeiningen samarbeider godt med lokale husflidslag i landet. Mange av medlemmane underviser på kurs som husflidslaga arrangerer, og fleire lag har læringsverkstader for knipling der medlemmar frå Knipleforneningen bidreg aktivt.

 

Frå kjøkkenbord til heile landet

Ei av foreininga sine store styrkar er at dei klarar å skape aktivitet både lokalt og digitalt. I 2024 heldt Knipleforeninga, med støtte frå Studieforbundet, 20 kurs med til saman 266 timar og 107 deltakarar. Dei arrangerer kurshelgar, treff og faglege samlingar der medlemmar møter for å dele erfaringar, vise fram arbeid og kniple saman, men dei har òg sett krafta i digitale løysingar med nettkurs, som gjer at medlemmar frå heile landet kan delta – også dei som bur langt frå eit miljø. Då pandemien trefte var det mange organisasjonar som stoppa opp. Knipleforeningen gjorde det motsette. Dei var tidleg ute, flytta undervisning og kurs over på digitale plattformer, og plutseleg sat det kniplarar frå heile landet og lærte Schneeberger-teknikk og andre spesialteknikkar på skjerm. Dette styrkte fellesskapet og senka terskelen for å vere med. I 2021, med ei verd sterkt prega av pandemi, heldt Knipleforeninga likevel 18 kurs med til saman 254 timar og 97 deltakarar. Det er stort for ein liten organisasjon.

Medlemmar fortel at det kjennest som å komme «heim» når dei deltek på kurs, anten det er via skjermen eller rundt eit bord med kniplepute og kaffikopp. Knipleforeningen er ein møtestad for både nybyrjarar og dei som kjenner teknikkane ned i fingertuppane. Nokon lærer for å lage pynt og små prosjekt, andre arbeider med tradisjonelle mønster og deltek på fagseminar. Felles er at det ikkje berre er teknikk, men ein eigen kultur.


Leiar i Knipleforeningen, Bente Løken, i kniplande aksjon. Foto: privat.
Leiar i Knipleforeningen, Bente Løken, i kniplande aksjon. Foto: privat.

Eit møysommeleg arbeid

Knipling er eitt av dei handverka som lett kan bli oversett i tida vi lever i, der alt skal gå fortare og fortare. Det er eit møysommeleg arbeid, og resultatet kjem litt etter litt. Kanskje er det nettopp derfor kniplinga treffer så godt  fordi ho krev ro og nærvær.


Alle burde drive drive med knipling, for knipling er god terapi, seier leiar i Knipleforeningen, Bente Løken. Det er avstressande, for når du sit og kniplar, blir du heilt konsentrert om det du held på med, og gløymer alt anna rundt deg. Samtidig er det god hjernetrim å prøve nye mønster og variantar.


– Eg trur interessa for knipling er aukande. Vi har stadig nybegynnarar på kurs. Bunadar er populære for tida, og mange av dei har knipling i lin, metall (gull/sølv) eller ull på stakk, forkle og hovudplagg. Mange som syr bunaden sin sjølv, ønskjer òg å kunne kniple bordane som høyrer til. I tillegg trur eg mange får augo opp for knipling når dei ser bilde av det andre lagar, for eksempel på Facebook, seier Bente.


Fellesskapet er tråden som held alt saman

Det handlar ikkje berre om kursplanar og mønster. Det handlar om menneske.

Sjølv om foreininga er lita, er ho målretta. Eit oversiktleg medlemsmiljø gjer at ein kan vere nær, sjå kvarandre og ta imot både nykommarar og gamle travarar med same entusiasme. Det er rom for både dei som kniplar sin aller første bord og dei som arbeider med avanserte teknikkar.

Det finst òg noko heilt eige med tradisjonen rundt knipling. Dette er eit handverk som mange forbinder med generasjonar før oss – og foreininga viser korleis tradisjon og nyskaping kan gå hand i hand. Slik held dei handverket levande, ikkje som museumskunst, men som noko levande mellom fingrane til folk.

 

Den vesle foreininga som når langt

Ein viktig grunn til at Knipleforeningen klarar å halde oppe inspirasjon og aktivitet, er at dei gjer knipling tilgjengeleg for alle:

  • dei gir medlemspris på kurs slik at terskelen for å prøve blir lågare

  • dei tilbyr kurs på ulike nivå, slik at ein kan utvikle seg steg for steg

  • dei fungerer som bindeledd mellom lokale grupper og enkeltpersonar som kniplar åleine

  • dei kombinerer digitale samlingar med fysiske treff – slik at ein kan møtast både på skjerm og fysisk

Når fagfeltet er smalt, må entusiasmen vere stor. Det er ho her.

 

Deling gjev glede

I ei verd der mange hobbyar og handverk konkurrerer om merksemda, står Knipleforeningen i Noreg fram som eit godt døme på korleis ein kan oppretthalde og utvikle eit spesialisert fagfelt – knipling – gjennom engasjement, kursverksemd, fellesskap og digital tilgjengelegheit. Den smale teknikken blir – gjennom innsatsen deira – eit stort nok fellesskap til å fylle heile landet. Og viktigast: dei viser at handverk ikkje berre handlar om teknikk, men om glede, deling og fellesskap.

 
 
 

Kommentarer


bottom of page