Full momskompensasjon: Kva betyr det for laget ditt?
- for 5 timer siden
- 3 min lesing
Stortinget har nå slutta seg til målet om full og føreseieleg momskompensasjon for frivillige organisasjonar, gjennom behandlinga av representantforslaget om regelstyring av momskompensasjonsordninga. Organisasjonane vil nå få betre rammer for å satse på læring, deltaking og levande lokalsamfunn. Dette er eit viktig politisk gjennomslag for frivillig sektor – og eit tydeleg svar på innspel frå feltet i høyringa.
Regelstyring er avgjerande fordi:
Med forslaget om regelstyring, tek Stortinget eit viktig grep for å sikre at dette ikkje lenger blir avhengig av årlege budsjettforhandlingar, men blir etablert som ei varig og forutsigbar rettigheit for frivillige organisasjonar.

Føreseielege og stabile rammevilkår er et vilkår for å kunne planlegge, utvikle og gjennomføre aktivitet over heile landet, seier dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Gangsø.
Medlemsorganisasjonane våre driv opplæring, kurs og kulturaktivitetar i tradisjonshandverk, husflid, immateriell kulturarv, folkedans, folkemusikk og andre kulturuttrykk. Aktiviteten er i hovudsak basert på frivillig innsats, men er samstundes avhengig av innkjøp av varer og tenester, frå materialar og utstyr til leige av lokale og instruktørtenester.
Frivillige organisasjonar betaler samla sett nærare tre milliardar kroner i meirverdiavgift kvart år. Statleg intensjon er at denne momsen skal kompenserast. Slik ordninga har vore innretta til i dag, blir midlane likevel løyvde over statsbudsjettet år for år. Det inneber at det ikkje finst nokon garanti for full kompensasjon før etter at budsjettet er saldert. For organisasjonane skapar dette uvisse, både om dei får full kompensasjon, og om når utbetalinga kjem. Regelstyrt finansiering vil sikre at organisasjonane får kompensert det dei har krav på etter forskrifta, utan risiko for avkorting fordi løyvinga ikkje strekk til, seier dagleg leiar i Studiefobundet, Kjærsti Gangsø.
Det vil gje:
Pårekneleg: Organisasjonane kan planleggje aktivitet og investeringar trygge på at momsen blir kompensert fullt ut.
Betre likviditet: Kortare saksbehandlingstid og hyppigare utbetalingar vil styrke økonomien i organisasjonane.
Meir aktivitet for pengane: Midlar som til i dag har vore bundne opp i uvisse, kan nyttast til kurs, opplæring og kulturaktivitet i lokalsamfunna.
Konsekvensar for frivillig kulturfelt
For våre medlemsorganisasjonar kan forsinka eller usikker momskompensasjon få konkrete utslag. Mange små og mellomstore lag har avgrensa eigenkapital og liten økonomisk buffer. Når momskompensasjonen kan kome opptil to år etter at kostnaden er teken, bind dette midlar som elles kunne vore brukte til aktivitet. Dette kan til dømes gjelde investering i utstyr til kursverksemd, innkjøp av materialar til handverksopplæring eller oppgradering av teknisk utstyr til formidlingsarbeid.
Uvisse om momskompensasjonen kan føre til at nødvendige investeringar blir utsette eller reduserte. Resultatet er lågare aktivitetsnivå og færre opplæringstilbod.
Auka utbetalingar til momskompensasjon dei siste åra heng saman med auka aktivitet i frivillig sektor. Dette er i tråd med nasjonale mål om å styrke frivilligheit, deltaking og kultur. Når aktiviteten aukar, aukar også momsinnbetalingane til staten. Ei regelstyrt ordning vil sørge for at denne dynamikken blir handtert på ein ryddig og forutsigbar måte.

Eit konkret og nødvendig grep
Studieforbunda kjem framleis ikkje inn under momskompensasjonordninga. Dette meiner vi er feil, og ein viktig del som står att for at ordninga skal fungere fullt og heilt. Studieforbundet representerer organisasjonar som tek vare på og utviklar kulturarv og tradisjonar gjennom aktiv opplæring og deltaking. For å kunne halde fram med dette arbeidet treng vi stabile og påreknelege økonomiske rammevilkår.
Regelstyrt finansiering av momskompensasjonsordninga er eit konkret og nødvendig grep for å styrke dette arbeidet.



Kommentarer