top of page

Nyheiter

Kjærsti Gangsø utnemnt som heidersmedlem i NU

Dagleg leiar i Studieforbundet, Kjærsti Evjen Gangsø, og Turid Mørk Øftsaas vart under landsmøtet til Noregs Ungdomslag utnemnt som heidersmedlemmar.


Kjærsti Evjen Gangsø og Turid Mørk Øftsaas vart begge utnemnt som heidersmedlemmar i Noregs Ungdomslag på landsmøtet 2024. Til venstre for Kjærsti sit Solveig Torgersen Grinder, nestleiar i styret i Studieforbundet kultur og tradisjon. Foto: Noregs Ungdomslag.

- Det høyrest ut som eg har gitt mykje, men eg har fått så uendeleg mykje meir, sa Turid Mørk Øftsaas frå talarstolen etter ståande applaus frå landsmøtet.


Kjærsti Evjen Gangstø fekk same heideren frå Noregs Ungdomslag og frå landsmøtesalen.

Ho seier at noko av det som var kjekt med Noregs Ungdomslag som ung ikkje berre var dansen i seg sjølv, men det å verte teken på alvor.

Kjærsti og barnebarnet Luka etter at Kjærsti vart overraska med heidersmedlemsskap. Heil Kjærsti sin familie overraska henne til feiringa. Foto: Solveig Torgersen Grinder.


- Det er klart at når du er 14 år og får tillitsverv i organisasjonen, så er det ikkje fordi du har erfaring, seier Evjen Gangsø.


Ho understrekar at ho er klar over at ho mang ein gong har vore reserve, men at ho likevel har sagt ja når moglegheitene har bydd seg.


- Det er viktig å sjå moglegheitene i enkeltindividet, og det er eg takksam for at nokon gjorde med meg, seier Kjærsti.

 

Grunngjeving frå juryen


Kjærsti Evjen Gangsø (f. 1960) kjem frå Bodø, og er i dag dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Ho hadde oppveksten i BUL Bodø, og blei etter kvart organisasjonssekretær i Inn-Trøndelag Ungdomssamlag. Frå 1980 til 1982 var ho leiar av Rådet for barnearbeid i Noregs Ungdomslag, og i 1986 blei ho vald inn frå Orkladal fylkeslag som den yngste leiaren i NU til dags dato. Etter å ha vore leiar i tre år gjekk ho av i 1989, og jobba ein liten periode på NU-kontoret før ho fekk arbeid som dagleg leiar i Noregs barne- og ungdomskorforbund.

På byrjinga av 90-talet kom det nye lovar som gjorde at NU måtte skipa til studieforbund saman med andre organisasjonar, og i 1997 blei Folkekulturforbundet til med Kjærsti som dagleg leiar. Ei stilling ho framleis har i dag, sjølv om forbundet skifta namn i mellomtida. Ho har bygd opp studieforbundet til å bli eit av dei største og mest robuste studieforbunda i landet. I 2001 viste ho veg for distriktspolitikk i praksis ved å flytte kontoret for studieforbundet frå Oslo til Vågå.

Ho er i dag styreleiar i Kulturalliansen og nestleiar i Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og har tidlegare vore med i styra i både Vaksenopplæringsforbundet og Teateralliansen. Ho var òg med i Tronutvalet som leverte NOU 2007:11 om Studieforbund – læring for livet.

Kjærsti er ein av dei som har jobba i «kulissane» i å alle år, og sørga for å dytte på for at NU skal bli stadig betre. Ho skjønar rolla si, men har brukt den til å både utfordre og utvikle tillitsvalde og tilsette i NU. Ho har sørga for at NU har stilt med dei beste folka til dei rette posisjonane og verva til rett tid. På mange måtar er ho ei personifisering av NU, og visar godt korleis både folkedans, teater, handarbeid, studiearbeid og organisasjonsarbeid heng tett saman.


Heile familien, til og med Alma på tre veker, kom og overraska Kjærsti til utnemninga. Foto: Magni Hjertenes Flyum.

4 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page