top of page
SKT Logo_farge_edited.png

Nyheiter

Jobben på Hydro betyr alt for meg!

  • torunn92
  • for 5 døgn siden
  • 6 min lesing

Oppdatert: for 4 døgn siden

Det frivillige har Supermannkrefter!

Mekalih kom aleine til Sunndal som 15-åring. På Sunndalsøra møtte han Nils – det skulle få alt å seie for den mindreårige asylsøkjaren frå Eritrea.


 

ree

Ein ny far i nytt land

Vi set oss godt til rette i sofaen på biblioteket på Sunndalsøra denne eftanen. Mekalih og Nils på ei side av bordet, og vi to frå Studieforbundet på andre. Praten går lett om laust og fast, karane ertar kjærleg kvarandre og glimtet i augo viser tydeleg at dei to er eitt. «Du ska itte trø i graset», seier Nils. Kva meiner han med det, tru?

Etter ti år er det nettopp Mekalih som er den som driv leksehjelp for andre innvandrarar i Sunndal, i regi av Sunndal Mållag.


Sjå utdrag frå samtalen Studieforbundet hadde med Mekalih og Nils.

– Livet utan Nils ville vore svært vanskeleg. Vi har gått mange turar saman, preika, vi har jobba i fjøset saman, vi feirar jul saman. Vi har mange gode minne, seier Mekalih, litt blyg i oppstarten. – Eg ser på Nils som familie og føler meg veldig heldig. Difor kallar eg han for pappa. Eg har lært mykje av Nils, om språk, om arbeidslivet i Noreg og om matlaging. Han er god til å lage risgraut i alle fall, gliser Mekalih. – Han er eit stort forbilde for meg.


Begge sider av sofabordet kjenner klumpen sprenger på i halsen, Mekalih held fram;


– Til dømes da eg kom med matematikkprøva mi og ville ha hjelp, den som Nils tidlegare snakka om at eg fekk 5+ på. Det handla ikkje om karakteren. Det handla om den eine feilen, den ville eg veldig gjerne rette opp. Nils er god i matematikk, han er ein god lærar og ein god far. Han er ein god bestefar og, seier Mekalih alvorleg.


– Dess meir du gjev, dess meir får du att, seier Nils, tydeleg rørt. – Viss du vil ha det ljost rundt deg, må du sjølv sende ljoset ut. Da får du ljoset sendt attende på deg. Det er så gjevande å kjenne på at eg faktisk hjelp folk, at eg gjer noko for andre, noko som utgjer ein forskjell. At eg har fått folk av han her, er eg verkeleg glad og stolt over, avsluttar Nils, og klappar Mekalih kjærleg på aksla.

 

– At eg har fått folk av denne her, det er eg svært glad for og stolt over, humrar Nils Ulvund om Mekalih Tesfay.
At eg har fått folk av denne her, det er eg svært glad for og stolt over, humrar Nils Ulvund om Mekalih Tesfay.

Mekalih Tesfay kom til Sunndalsøra frå Eritrea, aleine og mindreårig. Ho som seinare skulle bli kona hans, vart skild frå han i Libya.


– Kvinner og menn kan ikkje vera saman i eit arabisk land, forklarar Mekalih. – Ho vart senda til Tyskland, eg til Sunndalsøra.


Nokon andre av nær familie eller vener hadde ikkje Mekalih med seg på flyttelasset. Mekalih trekte likevel eit livsviktig vinnarkort og fekk Nils Ulvund som verje. Nils har ein finger med i det meste som skjer på det frivillige feltet i Sunndal, og Mekalih vart ganske snart trekt med på Nils sine aktivitetar i Sunndal Mållag, på språkkafé, på kulturvandringar, på mat og språk-kurs, på leksehjelp og mykje anna spennande.


Draumejobben og frivillig innsats

Mekalih snakkar nå svært godt norsk, forstår godt, skriv norsk og tykkjer språket og dialektene ikkje lenger er ei stor utfordring. Han har etter kvart fått gifte seg med ungdomskjærasten som han vaks opp saman med. I desse dagar er ho på plass i Sunndal ho og.


– Kona mi er ferdig utdanna sjukepleiar og går på norskkurs i Tyskland. Planen er at ho skal kome til Noreg om ein månad. Det gler eg med skikkeleg til. Det er vanskeleg å ha eit langdistanseforhold. Elles betyr jobben min på Hydro alt for meg. Eg har fast arbeid, sikker inntekt og ein jobb eg tykkjer er artig. På Hydro får eg drive med alt mogleg rart.

Mekalih har vore leksehjelp for nye innvandrarar dei siste to-tre åra. Å delta på språkkafé var stor hjelp til å klare å kommunisere med bygdefolket, høyre dialekter og forstå dei. Kursa og aktivitetane eg har vore med på saman med Nils har verkeleg hjelpt meg inn i samfunnet. Du møter jo nordmenn på språkkafeane. Eg fekk sjølv hjelp gjennom språkkafeane, så nå er det min tur til å hjelpe tilbake. Eg likar godt å hjelpe folk, med forskjellige ting, ikkje berre lekser. Dei som treng hjelp, må da få hjelp, og det er artig med leksehjelp. Om eg greier å lære nokon eitt nytt ord den eine dagen, er eg tilfreds, smiler Mekalih.

 

Vi treng å bli sett – også med hjartet

Monnar det at det frivillige bidreg, tru, undrar vi. Nils snakkar varmt og engasjert om det frivillige som arena for viktig og nyttig inkluderingsarbeid.


– Vi treng å drive med inkludering. Vi treng å bli sett, enten vi er frå Eritrea, frå Sunndalsøra eller frå Vågå. Det å ha ein plass i Sunndal fotball, i bedehuset, i mållaget, eller kva det nå måtte vera for noko. Å ha tilhøyrsle til noko, å kjenne på at her høyrer eg til, det er viktig. Det er så viktig å bli sett, ikkje berre fysisk, men også med hjarta.  Det monnar at det frivillige bidreg. Klart det gjer. Vi må ikkje tenke så stort, særleg i starten, kanskje. Ikkje vere redde for å prøve, og prøv enkelt. Ta kontakt med innvandringstenesta i kommunen, eller mottak om det er det i kommunen, slik kan du få eit enkelt forslag til kva det trengs hjelp til og kva du kan bidra med. Ein del innvandringstenester har og slike system der dei har oversikt over folk som treng eller ønskjer hjelp, der vi som frivillig organisasjon kan stille opp. Enten det er husflidslag, idrettslag, mållag eller anna. Mitt tips er, ring Studieforbundet. Der får du god starthjelp med å lære å arrangere kurs, registrere kurs, og tips og hjelp for finansiering. Har du finansiering på plass, får du gjort mykje.

 

Mange har fått glede av Nils

Gjennom Nils sitt inkluderingsarbeid i Sunndal Mållag har mange fått delta på mange ulike samlande og lærerike opplevingar. Dei siste ti åra har anslagsvis 1500 menneske vore innom berre på språkkafeane. I tillegg kjem kulturvandringane dei siste fire år med rundt 700 deltakarar. Mållaget har og kurs som kombinerer mat og språk.


– Vi har eit bra samfunn her i Noreg, det vil eg gjerne syne fram til dei nye som kjem, seier Nils. – Kulturvandringane vart kjøle populære. Dei gjekk til hytt og pine etter kvart, med servering av rømmegraut og bakkels. Det er verdifulle opplevingar. Og språkkafeane i biblioteket blir meir enn berre preik og leksehjelp. Der er bøkene, der er bygdefolket. Det blir mykje verdifull nettverksbygging, mykje god læring om det norske samfunnet og korleis samfunnet fungerer.

 

Lykka er å ha fått ein ny far i Nils frå Sunndal. – Utan Nils hadde det vorte svært vanskeleg, innrømmer Mekalih. 
Lykka er å ha fått ein ny far i Nils frå Sunndal. – Utan Nils hadde det vorte svært vanskeleg, innrømmer Mekalih. 

Du ska itte trø i graset

– Vi føler at vi får kjøle mykje, og vi føler at vi får gjeve litt og. Da eg slutta som lærar vart det noko som mangla oppi hovudet. «Du ska ikkje trø i graset», det er mottoet for alt eg har drive med som lærar, og det eg driv med nå. Det sluttar slik «Du treng sjølv ein storebror». Vi som har vore med på dette arbeidet, ein sju, åtte, ni stykkje, kjenner på at vi har vore nettopp det, lite grann. Det er artig og gjevande å prøve å løyse utfordringar. Slik som i dag fekk eg ei utfordring om å hjelpe til å skaffe ei symaskin til ei eg har øve-køyrt bil med. Det er artig, det! Da får du att noko.


Nils er nesten opp-frå sofaen og i lause lufta når han fortel om møta sine med menneske, om å bli kjende med folk og ulike kulturar, samt sin eigen iver etter å vise og dele frå kulturen i Noreg og sitt eige inste.


– Ei hending som har sett litt ekstra spor i meg kan for eksempel vera med Hiwet, ei av fleire som eg har køyrt bil med. Ho er katolikk, eg er ikkje-truande. I pausane frå køyringa hadde vi mange gode samtalar, vi to. Plutseleg seier Hiwet: «Du Nils, du er ikkje så verst likevel, du, sjølv om du ikkje trur. Du er snill likevel, du». Den satt, tykte eg.

 
 
 

Én kommentar


Mekalihokba
4 dager siden

Jeg vil gjerne takke Studieforbundet for at dere har delt min historie, og samtidig si en stor takk til Nils som har vært en utrolig viktig del av livet mitt. Da jeg kom alene til Norge som 17-åring,( sikkert skrivefeil at det står 15😀) visste jeg lite om hvordan fremtiden min ville bli. Takket være støtten jeg fikk, har jeg fått et trygt liv her, en jobb jeg er stolt av på Hydro, og nå kan jeg selv bidra tilbake gjennom frivillig arbeid og leksehjelp. For meg handler dette om mer enn arbeid og språk – det handler om vennskap, fellesskap og å bli sett. Jeg håper historien min kan gi håp og inspirasjon til andre som står i en…

Lik
bottom of page