Ja, korleis er eigentleg stoda?
- torunn92
- 12. aug.
- 3 min lesing
«Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» er innskriven på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Jammen, da er alt i orden og vi kan bikke stolen i kvilestilling, eller?
Historikar Mette Vårdal har skrive ein rapport om stoda på bunadfeltet.

God stemning og gemyttleg samtale på Arendalsuka mellom organisasjonane bak Unesconominasjonen.
Bunad nå! Status 2025
Det er utarbeidd ein rapport på bestilling frå dei fem organisasjonane som står bak Unesconominasjonen.

I rapporten Bunad nå! Status 2025, ser historikar Mette Vårdal mellom anna på kven som produserer bunadar i Noreg, korleis kunnskapsnivået er på fagfeltet, kor vi brukarar kjøper bunaden frå, kva kategoriar bunadbrukarar vi har og kva vi er opptekne av. Rapporten er basert på ei Norstatundersøking Norsk institutt for bunad og folkedrakt har gjort, og i samarbeid med registrerte og kjende kjelder på fagfeltet.
Vårdal presenterte denne rapporten på Arendalsuka og problemstillingane er fleire.
Bunadbrukarane er mange og magfaldige
Bruken er folkeleg og brei og bunadbruken står sterkt i Noreg, det er det ingen tvil om. Den er ein viktig del av kulturarven vår, og eit kulturuttrykk som er aktivt i bruk. Kva som er viktig for den enkelte når vi skal velje oss bunad, derimot, er svært ulikt. Vi er ulike kategoriar bunadbrukarar og det er og skilnadar mellom menn og kvinner, kva for bunad vi vel og kvifor, og kor bevisste vi er omkring kvar og korleis den er produsert. Menn kjøper, jenter får, dette har og ei historie og ei forklaring. Alt dette er interessant å dykke inn i og debattere. Ikkje minst er det interessant å sjå på kva vi får med oss av informasjon rundt produksjon og vala vi dermed gjer og meiningar vi gjer oss opp. Det viser seg at informasjon og meiningar blir oppfatta noko ulikt og difor og får ulike utslag. Når vi fram med informasjonen slik vi ønskjer?

Vidare arbeid
Fem organisasjonar har arbeidd tett for å få bunaden og bunadbruken i Noreg nominert. Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet kultur og tradisjon er alle organisasjonar som er engasjert på feltet bunad.
– Alle har vi våre roller i dette arbeidet, vi er vorte godt kjende. Vi står saman og merkar allereie effekten av det, tykkjer eg, sa Magni Hjertenes Flyum, generalsekretær i Noregs Ungdomslag, i debatten.


Korleis kan vi få til utdanning og rekruttering?
Vi kan ikkje bli eit samfunn av berre bunadbrukarar i landet vårt, der ingen kan å lage sjølve bunaden. Vegen til Rom kan som kjent traskast etter ulike stigar, men ein ting er sikkert; arbeidet er med innskrivinga berre så vidt påbegynt, men vi traskar i rett retning. Slik det er nå, er det mangel på nok fagleg kompetanse og underleverandørar i Noreg. Korleis skal vi da greie å halde på produksjonen i Noreg når vi ikkje greier å svare etterspurnaden? Og korleis skal vi få fleire tilverkarar og fleire underleverandørar?
–Det er tusenkronerspørsmålet, svarar Kjærsti Gangsø. –Kort sagt treng vi pengar og eit system. Det skulle vore sydd ei spesialpakke for dei som ønskjer å ta sveinebrev i bunadtilverkarfaget. Slik det er nå er det for dyrt å bli bunadtilverkar. Myndigheitene må ta eit større ansvar, og det må finnast lærlingplassar og systuer som tek imot lærlingar.
Vi har eit moglegheitsrom og eit rom for handling og utvikling
Interessearbeid for bunaden er krevjande. Ikkje berre er det ulike meiningar blant bunadbrukarar, men og grunnleggjande ulik forståing av bunaden og tradisjonen. Situasjonen er likevel slett ikkje håplaus eller svart-kvit. Rapporten viser at det for eit fleirtal er viktig at bunaden er produsert i Noreg, at den er tilpassa kunden og utført av dyktige fagfolk. Den viser og at det blant kundegruppa er aukande interesse for å sy bunaden, eller delar av den, sjølv. Her har vi eit moglegheitsrom og eit rom for handling og utvikling. Vi lykkast med arbeidet for å styrke produksjonen i Noreg, men det er krevjande og er avhengig av kontinuerleg arbeid over tid. Slik må vi nok berre paure på gjennom organisasjonane og mobilisere breitt, som Vårdal og konkluderer med i rapporten. Kanskje vil arbeidet også kunne opne for alternative løysingar utanfor det organiserte, skriv Vårdal.
Les rapporten her: Bunad nå! Status 2025!
Comments