top of page
SKTLogo_farge_edited.png

Nyheiter

I møbelsnekkarbobla

  • 23. feb.
  • 1 min lesing

Oppdatert: 23. mars

Å få fordjupe seg i, og perfeksjonere, tradisjonelle samanføyingsteknikkar i tre, krev tolmod, nøyaktigheit, konsentrasjon og tid. På Handverksskolen på Hjerleid er dette mogleg, sjølv for vaksne som driv med heilt andre aktivitetar i kvardagen elles.


På Hjerleid får du små grupper, tett rettleiing og høve til å arbeide konsentrert over fleire dagar. Dette gjev kanskje ei anna form for læring enn det mange er vane med frå arbeidslivet. Slik blir eit møbelsnekkarkurs meir enn eit kurs. Det blir ei læringshistorie – om meistring, fordjuping og om å halde liv i kunnskap som formar både menneske og samfunn.


Ein boks som viser teknikken tapp og sink.
Foto: Kristin Myrmel, Vofo.

Slik konsentrasjon og fordjuping i noko som skal vera så nøyaktig, krev at ein krek inn i ei boble og blir der, gjerne dagar i strekk. Kanskje treng vi det, mange av oss, slik kvardagen animert og informasjonstung hastar annsam forbi. For fleire av deltakarane handlar kurset om meir enn å lage eit møbel. Det handlar om å forstå materialet, teknikken – og historia som ligg i handverket. Kanskje er dette einaste høvet til å lære akkurat denne raudlista teknikken?


Sven Kleiven ved høvelbenken.

Les Vofo si læringshistorie om alle slags folk, med alle slag arbeidsområde, som reiser til Hjerleid og fordjupar seg i emne som tapp og sink, under kyndig rettleiing av lærar Svein Kleiven.


Bildet: Lærar Svein Kleiven. Foto: Kristin Myrmel, Vofo

 
 
 

Kommentarer


bottom of page