Gratangen Kystlag – meir enn berre båtar
- torunn92
- for 4 døgn siden
- 5 min lesing
Oppdatert: for 3 døgn siden
Kvifor er kystlag og båtar ein så gjev plass å vera i? Du kan lett bli både kald, sliten, svolten og motlaus i dårleg ver og med eit segl som ikkje spelar på lag? Er det så enkelt som at du er interessert i båt og har funne andre som også er interessert i båt? Ja, du kan vel seie at det er så enkelt – men så er det og så mykje, mykje meir.

Bli med!
Vi har titta litt på Gratangen Kystlag. På Facebookveggen deira ser vi meldingar dei siste månadene som ber preg av eit aktivt og inviterande miljø: stadig nye dugnadar blir sette opp, det blir oppmoda til å ta med både spade, traktor og hengar, og det blir takka varmt for innsatsen til dei som møter opp. Uformelt og jovialt viser postane: «Komkom», «Håper vi sees», «Arbeid for alle». Dette gjev signal om ein kultur der terskelen for deltaking truleg er låg, og der verdien like mykje kan ligge i å vera med, ikkje nødvendigvis i kva ein kan frå før.
Forbundet KYSTEN
Gratangen Kystlag er ein del av Forbundet KYSTEN, ein landsdekkjande frivillig kulturvernorganisasjon medlem i Studieforbundet. Sidan slutten av 1970-talet har dei arbeidd for å ta vare på den norske kystkulturen og dei har over 10 000 medlemmar fordelt på 135 kystlag over heile Noreg. Forbundet KYSTEN er akkreditert som rådgjevande organisasjon for UNESCO for kystkultur og fartøyvern. Grunntanken er enkel, men kraftfull: kulturarv skal ikkje berre bevarast bak glas og ramme, men levast, brukast og delast. Mottoet «vern gjennom bruk» handlar om at tradisjonelle båtar skal seglast, naust skal brukast, og kunnskap om sjømannskap og handverk skal førast vidare frå menneske til menneske. På denne måten handlar kystkultur like mykje om fellesskap og meistring, som om treverk, tauverk og segl.

Gratangen kystlag
I Gratangen blir denne tanken levande gjennom arbeidet til Gratangen Kystlag. Laget vart stifta på slutten av 1980-talet, og har sidan vore ein viktig møteplass for menneske som er opptatt av havet, historia og det praktiske arbeidet som ligg bak. Dei tek vare på tradisjonelle båtar som fembøringen Grytir og den eldre skøyta Straumnes. Desse er ikkje berre kulturminne, men levande fartøy som blir segla, stelt og brukt. Aktiviteten rundt båtane gjev læring i tradisjonelt sjømannskap, rigging, navigasjon og trygg ferdsel på sjøen.

Både til lands og til vanns
Men kystlaget handlar i minst like stor grad om det som skjer på land. I sosiale medium ser ein eit breitt bilete av aktiviteten til laget: dugnadar i naustet, arbeid med torvtak, sikring av bygg, graving rundt grunnmur og reparasjonar av golv og syllstokkar. Det blir kalla inn til dugnad på kveldstid og i helgar, og språket er ope og inviterande: «Arbeid for alle aldrar og fysisk form. Velkommen.» Her er det ikkje krav om forkunnskap, berre vilje til å vera med. Ein treng ikkje vere båtbyggar eller sjøulk – ein kan bidra med spade, kaffikoking, organisering eller berre eit ekstra par hender.
Finne meining saman
Gjennom desse små og store oppgåvene veks fellesskapet fram. Når eit naust skal rettast opp etter år med slitasje, når torv skal ned frå taket, eller når ein båt skal på slipp, er det ikkje berre eit prosjekt som blir løyst. Det er ei læringsreise der folk lærer av kvarandre, deler erfaring, ler saman og finn meining i å skape noko i lag. Dette viser at eit kystlag ikkje er ein arena berre for dei mest sjøvande, men ein inkluderande møteplass der ein kan høyre til, uansett bakgrunn eller alder.

Kystkulturfestivalar og marknad
Gratangen Kystlag deltek også aktivt ut. Dei har vore med på kystkulturfestivalar og marknader. Dei siste 35 år har dei arrangert Foldvik-marknaden, der fleire kystlag frå ulike delar av landet samarbeider. Her er ikkje fokuset berre på sal og utstilling, men på samarbeid, dugnad og deling av kultur. Medlemmar jobbar saman i grillbuer, riggar til boder, deler handverk og forteljingar, og .

– Foldvikmarknaden er Nord-Noregs største kystkulturfestival. Da stiller mange opp frå bygda på dugnad. Ungdom som har flytta heimefrå kjem heim og jobbar side om side med oss "gamlingan". Ungdomslaget UL Astøingen er ein god støttestpelar, dei står også bak regionens mest koselege julemarknad. Vi samarbeider med husflidslaget og nærliggande kystlag, deler erfaring og kunnskap og vi deltek på ulike kurstilbod hjå kvarandre. Dette bidreg til å styrke både den materielle og den immaterielle kulturarven vår, seier Marit Mörtsell i Gratangen Kystlag.
Dette er levande kulturarv i praksis – ikkje som ein oppvisning for publikum, men som eit ope fellesskap der folk blir inviterte inn.
– Av festivalar har vi også gjort oss markert i utlandet. Spesielt i Frankrike der vi har delteke med både båtar, handverk og svelesteiking opptil fleire gonger. Vi deltek på Lofotfiske på vinteren, Vestfjordseilas (regatta) og samseiling på sommaren, fortset Mörtsell.
Alle skal med
Eit sterkt døme på inkluderande kultur er og turane laget har hatt med Norges Blindeforbund. Desse turane viser at kystlaget ikkje berre rettar seg mot ein snever medlemsmasse, men opnar dørene for nye deltakarar og nye opplevingar. Når menneske som kanskje elles ikkje ville hatt tilgang til tradisjonsbåtar, får vera med ut på sjøen og oppleve kysten, blir det klart at kystlaget også fungerer som ein sosial arena for meistring, fellesskap og deltaking.
– Ein god grunn til å vera med i eit kystlag eller bli med på dugnad, er at det er godt for folkehelsa. Å ha ein aktivitet saman med andre, styrkar samhald mellom menneske, spesielt i eit lite bygdesamfunn som vårt, seier Marit Mörtsell.

Difor er Gratangen Kystlag langt meir enn berre ein stad for segling. Det er ein sosial møteplass, ein læringsarena, eit kulturfellesskap og ein stad der ulike menneske kan finne meining gjennom praktisk arbeid og felles opplevingar. Gjennom å ta vare på gamle båtar og naust, tek dei òg vare på noko som ikkje kan spikrast fast eller stillast ut: fellesskap, dugnadsånd og den tause, immaterielle kunnskapen som berre kan lærast saman med andre.
I dette ligg også den viktigaste læringa: Kystkultur handlar ikkje berre om fortida, men om korleis menneske i dag kan skape fellesskap, identitet og meining gjennom å arbeide saman for noko som er større enn ein sjølv.
Alle foto: Gratangen Kystlag/Marit Mörtsell




Kommentarer